Førarkortbeslag

Sunnmøre tingrett  Foto: Sunnmøre tingrett

Nyhende

Ein sjåfør frå Ulstein fekk ikkje medhald i Sunnmøre tingrett og får dermed ikkje tilbake førarkortet med det første.

Politiet har sikta mannen for aktløyse etter ein køyretur frå Fosnavåg til Ulsteinvik i februar.

I retten forklarte han at han kom borti spegelen på ein annan bil, som kom ut frå ein sideveg med vikeplikt.

Politiet støttar seg til forklaringa frå sjåføren som køyrde bak bilen til den sikta. Ifølgje vitnet hadde den sikta køyrd aggressivt og uforsvarleg fleire gongar på denne strekninga.

Påtalamekta får no lov til å halde førarkortet beslaglagt til saka mot mannen er endeleg avgjort.