Drivhuset

Ja takk, men...

DRIVhuset 

Nyhende

Øyvind Grimstad har ønske om at «Drivhuset» skal ligge i sentrum av Hareid og innehalde bibliotek og nokre andre funksjonar i tillegg til forsamlingssalen.

Full støtte til dette! Eg ønskjer det same og har gjort det i meir enn 20 år.


 

Men: Prosjektet som du etterlyser blei innlevert og VEDTATT av kommunestyret i Hareid hausten 1999 – rett etter det då nyvalde kommunestyret hadde sessa seg! Sidan har ingen sett det – før i dag når eg plukka det fram av eiga skuffe (sjå teikning).

Teikningane er utarbeidde av arkitektfirma Odd Slyngstad og kulturhuset «Skrog» var tenkt plassert i bakkant av dagens parkeringsplass som ligg mellom rådhuset og Sparebanken Møre. Eit signalbygg av dimensjonar som det ikkje finns maken til i våre nabolag! Inngang frå Kjøpmannsgata og frå Hamnegata – med så mykje parkeringsplass som vi måtte ønske. Bygget har profilar etter skroget på ein båt og inneheld kultursal, bibliotek, musikkskule med kontor og fleire øvingsrom og ein liten sal, og ungdomsklubb – samt eit stort vrimleareal og kafè. Snakk om!!

Vi var ei gruppe som blei utnemnde av kommunen for å utvikle vinnarutkastet i ein arkitektkonkurranse. Denne var utlyst med tanke på å bygge eit kulturhushus i Åsendalen (parken). Tre firma leverte utkast og Odd Slyngstad gjekk av med sigeren. Gruppa vår hadde synfaringar til mange kulturhus på Sunnmøre, Slyngstad tilpassa teikningane etter våre behov og ønske, og vi enda opp med eit fullt utvikla prosjekt som den gongen var kalkulert til rundt 40 mill kroner. Vi hadde utsikter til dekning av kostnadane ved at `arvesølvet` til kommunen, Hareid komm E-verk, vart selt til Tussa. Ein del av kjøpesummen gjekk til å utvide aksjeposten vår i Tussa og resten avsett til bygging av kulturhus. I tillegg var der eit overskot frå Ølutsalet som skulle gå til kulturføremål. Det var snakk om tilsaman rundt 14 mill kroner. Kvar desse pengane blei av er det fleire versjonar av, men dei gjekk i alle høve ikkje til kulturhuset.

Sidan den gong har kommunen fått utarbeidd fleire prosjekt som alle har stranda.


Utviklinga av Hareid

Vi treng DRIV!

 

Forslag «Drivhuset» er rett og slett eit økonomiprosjekt der berre dei heilt nødvendige funksjonane er tatt med – i full kvalitet. Eg trur dette er den einaste måten vi kan håpe å få til noko – og at det ikkje også denne gongen blir berre prat frå politikarane si side! Ta fram vedtaket frå 1999 og lær av røyndomen.

Svein Smørdal, Hareid