- Juryane hadde ein tøff jobb

Laurdag vart Ungdomens Kulturmønstring, UKM, arrangert for Ulstein og Hareid. No er det klart kven som går vidare til fylkesmønstringa.
Nyhende

- Vi er svært fornøgde med årets mønstring, og vi meiner at juryane hadde ein tøff jobb, seier arrangørane Aurora Dimmen Bratli, Annika Brandal og Marie Flatin ved kulturkontoret i Ulstein.

–Vi gler oss over at vi har mange dyktige ungdommar i våre to kommunar, seier dei i ei pressemelding.


 

Ifølgje juryane er dei som no er valde ut til fylkesmønstringa, gode representantar for det kulturelle mangfaldet i Hareid og Ulstein.

Video frå sceneinnslaga under UKM på Sjøborg.

 

Desse ungdommane er valt av juryane for å representere Ulstein og Hareid i fylkesmønstring i Stordal 27.- 29. april:

Frå Ulstein:

Scene

  • Ingrid Gjerde
  • Los AmigØs – Adrian Sæbø, Gard Arnesen, Iver Ødegård, Markus Moltumyr og Øystein Thormodsaeter.
  • Madelen Nygård Nørve og Mathilde Nygård Nørve

Kunst

  • Niels Leenders –  «Clones»
  • Signe Aamodt Støylen –  «Frihet»

Frå Hareid:

Scene

  • Svenning Veiseth
  • Adriana Iaguzhinskaia
  • Liv Ellen Overå

Kunst

  • Michelle Bø Nevstad – «Royal Feathers»
  • Maria Bjåstad Hustadnes – «Kvitebjørn Kong Valemon»

I tillegg har vi valt å nominere følgande ungdomar til fylkesmønstringa. Endelig utveljing av desse er det UKM Møre og Romsdal som står for.

Konferansier

  • Synnøve Rabben

UKM-Media (nettredaksjon)

  • Ann-Katrin Moldskred Holen

Arrangør

  • William Seljeseth
  • Anna Natalie Ballo Hov

I tillegg har Hareid nominert følgande:

Konferansier:

  • Stine Veddegjerde Longva