Norsk Industri varslar nulloppgjer

Rett før lønnsoppgjeret startar, seier direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri har vanskeleg for å sjå for seg noko anna enn eit nulloppgjer.

Rett før lønnsoppgjeret startar, seier direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri har vanskeleg for å sjå for seg noko anna enn eit nulloppgjer.  Foto: Kristian Hansen/Norsk Industri

Nyhende

Lier-Hansen seier til VG at hans NHO-tilknytte forbund maksimalt kan gi nokre få tiøre i sentralt tillegg i lønnsoppgjeret i år.

– Resten må takast ut i dei lokale forhandlingane. Eigentleg kan eg vanskeleg sjå for meg at vi ikkje endar med eit nulloppgjer, altså null i sentrale tillegg i lønnsoppgjeret i år, seier Lier-Hansen. Leiaren for det leiande oppgjersforbundet i NHO meiner det likevel vil gi «god reallønnsvekst til alle».

Lier-Hansen seier lønnsveksten må liggje under dei 2,7 prosentane som er anslått hos våre handelspartnarar, dersom Noreg skal klare å betre konkurranseevna. Med lokale tillegg pluss såkalla tekniske endringar og overheng, ser han for seg ein lønnsvekst på 2,5 prosent, sjølv utan noko sentralt tillegg.

– Den gode nyheita er at også Norsk Industri ser at norske arbeidstakarar kan få ein reallønnsvekst i år, altså at lønningane kan stige meir enn prisane, seier han.

Motparten i oppgjeret er lite imponert over argumentasjonen og reknestykket til NHO-toppen.

– Vi er vane til at Stein Lier-Hansen driv forpostfekting i media i forkant av lønnsoppgjeret. No skal vi inn i forhandlingar med NHO. Der har vi med oss vedtaket frå representantskapet, om auka kjøpekraft til alle. Det er det som vil vere styrande for LO, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen.