På formannskapsmøtet i dag vil Ivar Mork, leiar i kontrollutvalet i Ulstein, kome og orientere forsamlinga om saka dei arbeider med om bruk av offentlege dokument.

Kontrollutvalet diskuterer om rådmann Einar Vik Arset har brote dei etiske retningslinjene til Ulstein kommune medan han var i permisjon. Gjennom eige firma selde han to lett omarbeidde Ulstein-planar til Vanylven kommune: «Smittevernplan» og «Vald i nære relasjonar».

– Saka har kome skeivt ut

Ordføraren seier til Vikebladet Vestposten at han synest at saka har kome veldig skeivt ut.

– Ho er blåse litt ut av sine proporsjonar, kommenterer Engh og synest rådmannen har handla innanfor normale rammer for offentleg konsulentverksemd.

For å spare tid og ressursar er det ein delingskultur mellom kommunane. I motsetning til private er det ikkje eit poeng å verne om eigen praksis/produkt. Tvert om er det ein fordel at mange jobbar likt slik at ein kan jobbe interkommunalt. Difor ligg også dokumenta opne for alle, og blir normalt utlevert i originaltformat til dei som ber om det, opplyser ordføraren.

- Når eg seier at saka har kome skeivt ut legg eg til grunn at rådmannen har rett når han seier at arbeidet med planane i all hovudsak var forarbeid med å lese seg opp på liknande planar og sjekke ut korleis dei administrative strukturane samanfalt med andre kommunar, seier Engh.

Litt feil at dette kjem opp no

Engh seier at han har vore litti tvil om det er rett at kontrollutvalet kjem og skal orientere formannskapet i denne saka. For det første har ikkje kontrollutvalet noko formell rolle mot formannskapet. Det er til kommunestyret dei rapporterer.

For det andre er ikkje saka avslutta i kontrollutvalet. Såleis blir det litt feil å ta det i formannskapet no.

Men etter initiativ frå Pål Grødahl (Venstre) vart det bestemt at Ivar Mork skal kome å orientere.

No får Arset høve til å kome med eit tilsvar, så får ein sjå kva han seier og kva som kjem ut av at formannskapet har denne saka oppe, avsluttar Engh.