Tysdag har formannskapet i Ulstein kommune fått ei orientering frå kontrollutvalsleiar Ivar Mork, etter at kontrollutvalet har påpeika at rådmannen kan ha handla i strid med kommunen sine etiske retningslinjer.

Under møtet vart det også lagt fram eit tilsvar frå rådmann Einar Vik Arset, der han svarar på kritikken frå kontrollutvalet.

Rådmannen skriv mellom anna om bakgrunnen for saka, der han stifta selskapet Tesra International, då han var i permisjon frå jobben i Ulstein kommune. Rådmannen var permittert frå 1. september 2016 til 1. januar 2018.

”Det vart inngått skriftleg avtale om konsulentbistand 14. april 2017 etter førespurnad frå Vanylven kommune. Oppdraget var å m.a. utarbeide planar for Vanylven kommune, herunder plan mot vald nære relasjonar og smittevernplan. Avtalen var inngått for at oppdragsgjevar skulle få framdrift i plan- og saksarbeid i ein fase med avgrensa kapasitet i Vanylven kommune”, skriv rådmannen.

Vidare skriv Vik Arset at det vart brukt ein del tid på å lese aktuelle planar frå andre kommunar, og at desse er fritt tilgjengeleg på kommunale og statlege nettstadar.

Vik Arset skriv vidare: ”Mi vurdering i arbeidet var m.a. at det var hensiktsmessig å bruke planar frå vår region sidan det er stor grad av samarbeid om tenestene innanfor desse fagfelta. Ulstein kommune var ein av dei kommunane på søre Sunnmøre som på dette tidspunkt hadde vedteken plan mot vald i nære relasjonar av nyare dato og mi vurdering var at denne planen var eit godt grunnlag for Vanylven.”

Rådmannen skriv også at tilpassinga av planane for Vanylven i hovudsak handla om tilpassing til den administrative strukturen og tenestetilbodet i kommunen.

Beklagar

Til slutt i tilsvaret har Vik Arset skrive ei vurdering der han vedgår at ting kunne vore gjort annleis.

”Ulstein kommune og eg gjorde ikkje ein skriftleg avtale som gav rammene for mi konsulentvirksomheit i permisjonstida. Ordførar var likevel kjend med at eg skulle drive eige konsulentfirma under permisjonstida.

Eg ser i ettertid at det kan reisast spørsmål ved kva som var akseptabel bruk av Ulstein kommune sine offentlege dokument, og at dette ikkje har vore tydeleg nok. Eg burde ikkje berre munnleg, men også skriftleg ha opplyst ovanfor Vanylven og Ulstein kommunar at det m.a. var planar frå Ulstein vart nytta som basis. Eg beklagar at det ikkje vart gjort.

Manglande skriftlegheit har medført at det no vert reist spørsmål ved min integritet og mitt forhold til Ulstein kommune sitt etiske reglement. Det er beklageleg. For å eliminere eikvar usikkerheit og utryggheit knytt til min integritet som rådmann, har eg bestemt meg for å kreditere fakturaen som tidlegare er sendt og honorert av Vanylven kommune for dette arbeidet. Eg håpar det kan bidra til at saka vert avslutta med minst muleg skade for Ulstein og Vanylven kommunar.”

Ivar Mork (i midten) er leiar i kontrollutvalet i Ulstein kommune. Foto: Ingvild Aursøy Måseide