Håvard Haanes er tilbake i Ulsteinvik frå jobbreise i Asia, og tek imot Vikebladet Vestposten i Brimer AS sine lokale i Saunesmarka. Han er administrerande direktør i bedrifta, som har produksjonslokale på Kvamsøya. Tysdag kveld vart det kjent at 54-åringen trekkjer seg som leiar for fotballstyret i Hødd, etter berre seksten månader i vervet. Avgjerda tok han nokre dagar før.

- Eg bestemte meg natt til laurdag. Laurdag formiddag sende eg ein e-post til valkomiteen, styreleiaren i IL Hødd og til dei andre i fotballstyret. Eg skreiv at slik det har vorte, så har eg verken glede eller motivasjon til å halde fram som styreleiar, og at eg difor meinte det var best for klubben at eg trekte meg, fortel han.

Først tysdag hadde fotballstyret møte, men då var Haanes på veg til Singapore. Han fortel at han ikkje har fått med seg alle reaksjonane som har kome, og at han ikkje hadde tid eller høve til å la seg intervjue under opphaldet i Asia.

- Eg er ikkje ute etter å lage noko meir styr, for eg vil gjerne at styret og administrasjonen i Hødd skal få arbeidsro. Men samstundes synest eg det er eit poeng å få fram kva dette eigentleg handlar om, sett frå mi side, seier Haanes.

Og det det heile handlar om, ifølgje Haanes, er at det foregår ein maktkamp i Hødd og at det er usemje om kven som skal bestemme.

- Det foregår ein maktkamp i klubben

Håvard Haanes vart valt til ny leiar i fotballstyret i november 2016. På det årlege møtet året etter, i 2017,  vart han attvald. Men han og styret fekk kritikk frå mellom andre tidlegare Hødd-trenar Arnfinn Ingjerd etter at fem unge spelarar hadde fått kontrakt med løn. To av spelarane er sønene til Haanes.

Ingjerd foreslo den gongen at kontrollkomiteen i klubben skulle sjå på saka. Og på årsmøtet i IL Hødd no i mars fekk Haanes og resten av styret kritikk frå kontrollkomiteen. Årsaka var at det ikkje vart protokollført at styret hadde behandla habiliteten til Haanes i saka som gjaldt kontraktane til dei fem unge spelarane.

- Eg er van med å vere i ei leiarrolle og er van med at det stormar rundt meg. Det er heilt greit, det er slik det må vere når du er leiar. Men det som har vore nytt her, er at familien min har vorte ramma. Det har vore veldig krevjande for familien min, dei har kjent på at dei er ein del av ein maktkamp i Hødd. Så det var omsynet til familien som gjorde at eg valde å trekkje meg, det var det som var tunga på vektskåla. Eg synest eg ikkje kan belaste dei endå meir med å halde fram i vervet, seier Haanes.

Kva meiner du med at det er ein maktkamp i klubben?

- Ganske raskt etter at eg starta som styreleiar, fekk eg ei oppleving av at det er personar og ikkje funksjonar som bestemmer i klubben. Då var Kari-Mette Sundgot i funksjon dagleg leiar. Ho sa opp i april i fjor, og då leigde vi inn Personalhuset med Ivar Morten Normark,  som saman med styremedlem Anne Holstad hadde ansvar for prosessen. Eit av råda Normark kom tilbake med, var følgjande: No må vi passe på at klubben vert funksjonsstyrt, ikkje personstyrt, seier han.

Arnfinn Ingjerd har vore mellom dei som ope har kritisert Haanes. Han sat i sportsleg utval, og ifølgje Haanes bad Ingjerd gjentekne gongar om møte med fotballstyret.

- Då har eg gått til adminstrasjonen og spurt dagleg leiar om vi skal ta opp saka på eit slikt møte. Då har eg fått beskjed om at nei, dette skal først behandlast i administrasjonen. Og dermed har ikkje vi hatt desse møta med Ingjerd og dei han representerer. Det har nok vore veldig frustrerande for han, han har nok opplevd at det tidlegare har fungert annleis, at det har vore personar og ikkje funksjonar som har styrt klubben, seier Haanes.

Vikebladet Vestposten har bede Arnfinn Ingjerd kommentere dette. Han viser til konklusjonane til kontrollkomiteen, og seier at han ikkje har kommentarar utover det.

Haanes meiner det må verte endring i klubben.

- Vi i fotballstyret har vore veldig opptekne av at klubben må drivast som ein normal organisasjon. Viss ein tilsett i ei bedrift ønskjer å ha ei sak i styret, må vedkomande gå via leiinga. Det er slik det må vere, elles blir det anarki. Og Hødd har nok vore prega av at det har vore personar som har styrt, og dette har vore ganske smertefullt for mange, som har vore van med at dei har vore ganske sentrale, uansett kva funksjon dei har hatt, seier den avgåtte styreleiaren.

Dei overårige spelarane

- Det er noko eg har synest har vore merkeleg i mange år, og det er at det kanskje er 20-30 år sidan gutar som har gått gradene i Hødd, faktisk har klart å etablere seg i Hødd og i norsk toppfotball. Mange har fått prøve seg, men å få nokon til verkeleg å etablere seg, det har vi altså ikkje lukkast med på fleire tiår.

Difor ville vi i fotballstyret prøve noko vi kallar formueforvalting, å bruke litt pengar på våre eigne. For statistisk sett så er ein fotballspelar rundt 22 år før han klarer å ta det endelege steget opp i toppfotballen. I Hødd har vi nokre spennande årgangar framføre oss. Viss dei ikkje er tekne opp på A-laget før dei er ferdige med vidaregåande, då må vi vurder om nokon kan klare å ta steget viss dei får eit eller to år til. I fjor var det 98-årgangen det gjaldt, no skal 99-årgangen snart frå same vurderinga, seier Haanes.

Men dette prinsippet er det vel ikkje usemje om i klubben?

- Nei, kanskje ikkje om modellen, men om kven som skal bestemme kva spelarar som skal få desse kontraktane. André Skotheim tok på seg å vere sportssjef då André Nevstad vart sjukmeld. Og han har fått kritikk for måten han forvalta denne funksjonen på, seinast på årsmøtet no i mars, der det vart sagt at det ikkje er sportssjefen som skal avgjere kven om skal få desse kontraktane.

Og eg må seie at det overraskar meg at kontrollkomiteen hiv seg med i denne argumentasjonen. Eg trur ikkje det finst mange som meiner at trenaren har alt ansvar for stall og spelarlogistikk.

I dei fleste klubbar eg kjenner til har sportssjefen ansvaret, for det handlar både om økonomiske rammer og langsiktig tenking å gjere. Sjølvsagt har trenaren ansvar for kven han tek ut på laget, men kor stor stallen skal vere, kven som skal ut, kven som skal inn, det må ligge til sportssjefen, seier Haanes.

Han meiner det må verte endringar i klubben, viss dei som har kritisert Skotheim har rett.

- Treng vi då ein sportssjef, viss trenaren skal ha heile dette ansvaret?, spør han.

- Må løysast internt

Håvard Haanes er overtydd om det er rette vegen å gå å tilby unge spelarar, såkalla overårige, kontrakt.

- Dei som var på det årlege fotballmøtet i novemver i fjor, hugsar nok at Torbjørn Kallevåg var der. Han sa at han meiner det er rett og veldig viktig av klubben å innføre ei slik ordning, og at desse unge spelarane dei får desse fire tusen kronene i månaden. Han sjølv var ikkje god nok for a-stallen då han var ferdig med vidaregåande, men fekk då ein liknande kontrakt med klubben sin. Det var nok til at han kunne bu heime og halde fram med å satse på fotballen. Og no er han eliteseriespelar for Haugesund.

Det som eg synest er frykteleg leit, når det vert brukt ufine påstandar og usannheiter, er at fem heilt uskuldige, ambisiøse, hardtarbeidande gutar, vert uthengde og brukte som argument for kor gale det har gått i klubben. Då har vi bomma, det er ikkje sånn klubben skal vere! No har éin av dei fem slutta. Og at folk går til media i staden for å løyse ting internt i klubben, det er ikkje bra, synest eg.

Men skjønar du at folk stiller spørsmål når gutane dine vert tilbodne kontrakt?

- I styret snakka vi om strategi og prinsipp, aldri om namn. Og det er nesten tragikomisk at det er dette som skal verte ståande igjen her, behandlinga av habiliteten min. Eg har sagt frå heile vegen, at eg har to søner i rekruttstallen. Men eg og resten av styret er sjølsvagt samde i det kontrollkomiteen seier, at vi burde ha protokollført at vi hadde behandla habiliteten min, seier Haanes, som held fast på at uroen som har vore i klubben den siste tida handlar om ein maktkamp.

- Ja, det er personar som vert ubekveme fordi dei føler at dei ikkje har så mykje makt lenger, fordi dei ikkje har den rette funksjonen. Og fordi eg har eigne born som fekk kontrakt, ja, då vart dette ein måte å ramme meg på. Eg har ikkje lyst til at Håvard skal stå i vegen for arbeidet i klubben,  eg er berre ein liten brikke. Og eg trur det var bra for Hødd, bra for familien min og bra for meg at eg trekte meg. Og så håper eg inderleg at dei som er igjen i styret og dagleg leiar no får ro til å vidareutvikle Hødd. Ingen enkeltpersonar må gjere seg større enn klubben, meiner Haanes.

Kva reaksjonar har du fått etter at du trekte deg?

- Eg har fått massiv støtte heile vegen, heilt frå eg vart vald til styreleiar. Etter at eg trekte meg har eg fått blomstar, meldingar og e-postar med støtteerklæringar. Eg kan ikkje få takka Hødd-medlemmane nok! Men eg er sårbar når det gjeld mine eigne, så når familien min vert brukt for å oppnå noko imot meg, er det ikkje verdt det.

Skal du på Høddkampar i år?

For første gong i intervjuet vert det stilt på andre sida av bordet. Etter ganske mange sekund kjem det:

- Eg håper det, men eg og familien har ikkje kjøpt sesongkort. Eg har eigentleg lyst å gå på kampane, men eg har lyst til å legge bak meg det som har skjedd den siste tida. For eg er glad i Hødd, ja, eg er så glad i Hødd at eg tek dette personleg, eg kjenner meg unfair behandla. Eg har vore trufast på tribunen i alle, ikkje berre på A-kampane. Eg ønskjer Hødd alt godt og at det no vert ro. Når serien startar, skal vi fokusere på det, for det fortener klubben. Det hadde vore heilt fantastisk viss vi rykkjer opp. Klubben fyller 100 år neste år, då kunne vi ha feira med spel i 1.divisjon! Og endå kjekkare hadde det vore viss nokre av dei som spelar utpå Høddvoll har gått gradene i klubben. Då kjem vi til å fylle stadion, seier Håvard Haanes. Som framleis seier “vi” når han snakkar om Hødd.

Håvard Haanes bestemte seg sist laurdag for å trekkje seg som leiar for fotballstyret i Hødd. Foto: Linda Eikrem