Viss du går på tur ute i naturen så ser du ikkje bar jord ein einaste stad, og det er ikkje naturleg. Det er viktig å spele på lag med naturen. Mange som har hage strevar etter bar jord og det er mykje arbeid. Ser du deg rundt i naturen er jorda dekt i vekstar som har kom dit av seg sjølv eller organisk materiale. For å sleppe vekstar som kjem av seg sjølv har eg valt å dekke til jorda, seier 36-åringen som er busett i Molde.

I byrjinga av april var 36-åringen og trebarnsmora i Ørsta for å inspirere på vårmøtet til Ørsta hagelag. I ein travel kvardag har sivilingeniøren funne løysinga som har gjort at ho lukkast med sin kjøkkenhage innimellom alle dei andre daglege gjeremåla. I 2010 kjøpte familien eit gammalt hus i Molde. Dei første åra gjekk med til restaurering og rehabilitering.

– Eg byrja så smått med ein pallekarm-hage som så mange gjer, men du avgrensar deg litt allereie då. Mange trur at det er slik du skal byrje, men eg fann syntest raskt at det ikkje gav mykje meining, seier Berg Hestad og understrekar at veit korleis det er å mislukkast med etableringa av ein hage.

Familien hadde eit mål om å prøve å bli sjølvforsynt med grønsaker frå hagen, men hadde ikkje heilt trua på at det var mogleg.

–Stikkordet for suksess for min del er markdekke. Eg byggjer oppå bakken. Det var mykje tung leirejord på tomta vår og det er veldig vanskeleg å grave i. Då er det mykje betre å bygge i høgda.

Kjøkkenhagen er heile tida i endring, og har blitt utvida til no å dekke cirka 300 kvadratmeter.

– Eg praktiserer vekstskifte og har ein fireårig syklus. Eg delar hagen inn i grupper som eg flyttar rundt, og det kan og skje oftare enn kvart fjerde år. På den måten slepp eg opphoping av sjukdomar at jorda vert utarma. Same type grønsaker utnyttar dei same næringsstoffa i jorda.

36-åringen nyttar ikkje sprøytemiddel i hagen sin, og vekstskiftet gjer at det blir dynamikk i hagen og at den endrar utsjånad.

– Det blir mykje grønsaker ut av kjøkkenhagen. Ut frå det konvensjonelle jordbruket skal det ikkje vere nok areal, men det handlar om å utnytte plassen heile tida. Det er mogleg å få til om du utnyttar jorda, plantar tett og får påfølgjande avlingar. Du kan dyrke heile året og forlenge sesongane. Når eg seier vi er sjølvforsynte frå juni til desember betyr det ikkje at vi byrjar plutseleg å hauste i juni og plutseleg sluttar i desember. Vi kan hauste noko frå hagen gjennom heile året.

I to år har familien vore sjølvforsynte med grønsaker frå kjøkkenhagen. Prosessen har Berg Hestad dokumenterer gjennom bloggen Det grønne skafferi, og ho har berre gode ting å seie markdekke i hagen.

– Det er mange fordelar med markdekke. Om vinteren vil mykje lauv hindre utarming av jorda, og det vil isolere den slik at den ikkje frys. På sommarstid eller i sesong nyttar eg grasklipp. Det eldgrøne graset inneheld mykje gjødsel i form av nitrogen. For at markdekket skal ha effekt må det vere litt tjukt. Eg legg gjerne på dekket først og plantar i det seinare. Det er lite eg sår rett i jorda.

Eit dekke av grasklipp vil utlikne temperaturforskjellar og fungere som ei dyne på jorda.

– Det vil ikkje vere kaldt på natta og varmt på dagen, men jamne ut temperaturen. Andre effektar med å ha eit lokk på jorda er at avdunsting vert redusert med opp mot nitti prosent. Jorda held på fukta, du slepp å vatne så mykje. Overflata vert lys, men jorda blir ikkje så brennheit.

Ein annan fordel ifølgje Berg Hestad er at du slepp luking.

– Kjem det ei sky med frø frå ein løvetann vil dei lande og spire akkurat som det passar dei. Kjem dei i hagen min vil dei ikkje finne bar jord og dei vil ikkje spire. Dei blir liggande, men held eg fram med å dekke til jorda vil frøa berre fare lenger ned i jord og aldri sjå dagens lys. Då slepp du å luke.

Meitemarken er sivilingeniøren sin beste hagevenn.

– Den grev gangar og skit akkurat der eg vil at røtene mine skal få gjødsel. Så den både gjødslar og grev i jorda for meg.

Ifølgje Berg Hestad vil metoden med markdekke fungere like godt i blomsterbeda som i kjøkkenhagen hennar.

– Ikkje kvitt dokke med noko hageavfall. Det treng dokke sjølv til å skape jord, er oppmodinga frå 36-åringen.

Eit spørsmål som kom opp under møtet i Ørsta var korleis sneglane trivst i ein hage med markdekke.

– Dei trivst under dekket, men eg opplever ikkje større angrep på plantane der eg har enn der det ikkje er. Plantane har det så bra når dei har dekket rundt seg. Sneglane føretrekker plantar som ikkje har det så bra. Eg sparar mykje tid på luke, og då kan eg heller legge litt meir tid på å ta sneglane. Du må lære deg å kjenne din fiende.

Påfyll: MArkdekke treng påfyll av m.a. grasklipp. Foto: Maria Berg Hestad/Det GRønne Sakfferi
Oppskrifta: Luk bedet du vil dekke, vatn jorda godt. Rotugras kvelast med aviser. Så begynner du å dekke med gras el.l. Det bør vere eitt tjukt lag på minimum fem centimeter.
Grasklipp: Maria Berg Hestad nyttar alt av grasklipp til å lage markdekke. Naboane samlar og opp grasklipp slik at ho kan hente det og nytte det i hagen. Foto: Maria Berg Hestad/Det Grønne Skafferi
kjøkkenhage: Maria Berg Hestad har bygd seg opp ein kjøkkenhage på 300 kvadratmeter. Den gjer at familien på fem er sjølvforsynt med grønsaker frå juni til desember. Foto: Maria Berg Hestad/Det Grønne skafferi