– Vi er på ingen måte friskmelde, men vi ser heilt klart at pilane peikar oppover igjen. Det er sjølvsagt veldig, veldig kjekt å sjå, seier plassjef Dag Skarbø og Geir Sundal, leiar for Marine Services i Ulsteinvik, eller på norsk, ettermarknadsavdelinga.

Stor spenning knytt til salet

Nedturen innanfor den maritime næringa har vore enormt tyngjande for heile Nordvestlandet dei siste åra, noko som til dømes har fått følgjer for talet på tilsette innan verfts- og leverandørindustrien. Det er ikkje alltid så enkelt å snakke om dei tunge tidene når ein står midt oppi dei, anten ein er heilt på toppen eller på grasrota i ei verksemd. Ein beskjed om at arbeidsstaden skal seljast gjer ikkje uroa noko mindre.

For Rolls-Royce Marine sine tilsette i Norge kom beskjeden om at arbeidsstaden dei jobbar på skal seljast, då det britiske gigantkonsernet i midten av januar månad offentleggjorde planane sine om å selje brorparten av marineverksemda.

Men, det kanskje ikkje så mange veit, er at Rolls-Royce Marine i Ulsteinvik den siste tida verkeleg har fått sving på sakene. Salet av produkt aukar, fleire av dei heilt nyutvikla, og talet på serviceoppdrag aukar. I tillegg går talet på tilsette opp igjen, for fyrste gong på fleire år.

Toppen på kransekaka kan kome på plass om intensjonsavtalen med Hurtigruten på ombygging av i alt ni hurtigruteskip som trafikkerer kystruta, frå diesel til gass- og batteridrift, blir til ein kontrakt. Ein kontrakt i milliardklassen, fordelt på fleire av Rolls-Royce sine anlegg i Norge, der delar av utstyret vil bli produsert ved anlegget i Ulsteinvik.

– Men det er så mykje meir som skjer for tida. Det er på høg tid at folk får vite at vi faktisk har mykje spanande på gang, seier Skarbø og Sundal.

Vikebladet Vestposten fekk tysdag denne veka møte leiinga ved Ulsteinvik-anlegget i tillegg til dei tillitsvalde.

Skarbø og Sundal hadde fått med seg Hermod Helset i FLT (Forbundet for Ledelse og Teknikk), Kjell Bjørn Hatlebakk, hovudtillitsvald i Fellesforbundet, Jan-Ove Gjerde, formann i NITO (NITO – Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon), Birgit Kjoss Lynge, nestleiar i Tekna (Teknisk-naturvitenskaplig foreining) og Sverre Thorsø, nestleiar i bedriftsklubben.

Tillitsvalde som representerer tilsette innanfor fleire ulike fagområde, og som alle står samla om anlegget i Ulsteinvik, spesielt no når marineverksemda er inne i ei usikker tid.

For det største spenningsmomentet for tida er sjølvsagt kva som skjer med salet av Rolls-Royce Marine.

– Vi er veldig spente på kva som vil skje. Først og fremst er det viktig at vi får inn ein eigar som vil sørgje for at vi får halde fram i jobbane våre, og som gjer sitt for at vi skal halde fram med å utvikle verdsleiande teknologi, seier Kjell Bjørn Hatlebakk i Fellesforbundet.

Nyutvikling med mindre ressursar

Apropos verdsleiande teknologi. På ein rundtur i nyproduksjonslokala til Rolls-Royce i Ulsteinvik får lokalavisa eit unikt innblikk i kor mykje som faktisk finn stad av nyutvikling her. Og det kan underteikna skrive under på, det er ikkje reint lite det er snakk om!

Plassjef Dag Skarbø fortel at ein har fått til mykje med tanke på kor mykje færre ressursar ein har hatt i desse svært tøffe åra for heile næringa. Han meiner det først og fremst er takka vere fleksible og løysingsorienterte tilsette.

– Vi er per i dag ei sunn og god bedrift, med eit godt arbeidsmiljø. Men vi veit med oss sjølve at vi gjerne kan vere litt grå i kvardagen. Vi får gjerne ikkje fram kor gode vi faktisk er, alle som ein som jobbar her. Vi høyrer ofte om andre, men kva med oss sjølve? Vi har faktisk greitt med arbeid. Vi har fleire gode prosjekt med lokale verft, med aktørar over heile verda og vi sel relativt godt med produkt slik stoda er no. Det er viktig for oss å få fram. Ikkje minst er det viktig for heile regionen rundt oss at vi gjer det bra, seier Skarbø og legg til:

– Vi har, som mange andre verksemder, vore gjennom ei tøff tid med nedbemanning. Marknadssituasjonen har gjort at vi diverre har vore nøydde til å gjere staben mindre. No er vi derimot komne dit at vi ser dette snu igjen. Vi har vore lenge nok i skuggens dal som industrikonsern. No er det opp og fram, seier han.

Stor pågang på ettermarknad

Den delen av verksemda som står for den desidert største delen av omsetninga ved Ulsteinvik-anlegget for tida er ettermarknadsavdelinga. Her er ein faktisk oppe på 2013/2014-nivå igjen, om ein måler i talet på timar og omsetning.

– Det går verkeleg så det grin. Innan ettermarknaden har vi ein lang ordrehorisont, meir eller mindre fullbooka ut året. Vi har allereie byrja å byggje opp ein solid ordrereserve for neste år. Det har gjort at vi har fått eit behov for fleire folk, og vi har difor leigd inn sju av dei som til vanleg er tilsette ved Hjørungavåg-anlegget vårt. Til hausten ser vi føre oss å auke talet på tilsette ytterlegare, seier Geir Sundal og legg til:

– Vi går altså ifrå ein situasjon der vi over lengre tid berre har sett nedbemanning, til at vi kan byrje å tilsetje folk igjen på grunn av auka aktivitet. Det er veldig gledeleg.

Sundal viser til dei 40 millionar kronene Ulsteinvik-anlegget fekk til å ruste opp høghallen i tillegg til området utanfor, når han forklarer den store oppdragsauken.

– Den investeringa vi gjorde for to år sidan kjem no heilt til sin rett. Utan den opprustinga hadde vi ikkje hatt sjanse til å ta dei serviceoppdraga vi har fått. Berre på dei tre siste åra har Rolls-Royce investert 50 millionar kroner i ettermarknadsavdelinga i Ulsteinvik, i nedgangstider. Vi har rusta oss opp i nedgang, og no er vi klare til å hauste inn det vi har sådd desse åra, seier Geir Sundal.

Han vil også trekkje fram samarbeidet med nyproduksjonsavdelinga.

– Har vi hatt behov for ekstra ressursar, har nyproduksjon steppa inn. Vi har eit godt samarbeid over heile linja, og stor fleksibilitet, seier han.

Sundal og plassjef Skarbø er hjartans einige om at anlegget i Ulsteinvik er godt sett for framtida, slik situasjonen er no.

– Utan tvil. Vi har ståltru på framtida, seier dei.

Meir nysal

Men vi må også ta ein kik innom utviklinga av nye produkt. Når ein går gjennom produksjonshallane er det lett å leggje merke til den grunnleggjande ordenssansen blant dei tilsette. Alt er kategorisert, og nøye planlagt. Men slik blir det også meir effektivt. Og med tanke på effektivitet. Rolls-Royce i Ulsteinvik har gjennom dei siste åra utvikla produkt som vil vere med på å revolusjonere grøn skipsfart for fleire tiår framover – og det med langt færre hender og kloke hovud enn verksemda hadde før oljenedturen slo ned som ei flodbølgje over den maritime næringa.

Kvalitets- og HMS-leiar Oddbjørn Dimmen meiner Rolls-Royce i Ulsteinvik er inne i ei brytningstid.

– Det er mykje som skjer no, og den maritime marknaden er i ferd med å bli betre igjen. Akkurat i denne tida er vi i ferd med å lansere nye produkt til den maritime marknaden, men også andre marknadar. Dette i tillegg til at vi kan få ny eigar «når som helst» gjer det veldig spanande å jobbe i Rolls-Royce for tida, seier Dimmen.

Størst satsing på utvikling

Sjølv om investeringane i ettermarknadsavdelinga, bygg og anlegg og delvis nyproduksjon har vore store, har dei største investeringane blitt gjort inn mot forsking og utvikling.

– Det har vore ei betydeleg investering. Men det var heilt naudsynt, med tanke på å få oss over frå offshoremarknaden til ferje- og cruisemarknaden, seier plassjef Dag Skarbø.

Som sagt er det berre nokre siste detaljar som må på plass før Rolls-Royce sin intensjonsavtale med Hurtigruten kan formaliserast i ein kontrakt, og skjer det vil det ikkje berre vere ettermarknadsavdelinga som får nyte godt.

– Heilt klart. Ein slik kontrakt vil ha mykje å seie for heile anlegget her, seier Marine Services-leiar Geir Sundal.

I skrivande stund har Rolls-Royce i Ulsteinvik rundt 400 tilsette.

Det er hovudsakleg fire nyutvikla produkt Rolls-Royce har lagt mykje arbeid i, og som så langt har ført til stor interesse, til dømes Azimut PM.

– Men vi har også Azipull carbon thruster, som vi til no har selt 14 skipssett av til den verdsleiande italienske yachtprodusenten Azimut Benetti. Vi har også utvikla TT Merchant, ein meir kostnadseffektiv tunnelthruster, eller sidepropell om du vil, som ikkje er like tung i drift som ein offshorethruster. Ein thruster som passar til alt ifrå fiskebåtar til brønnbåtar til frakteskip, seier Dag Skarbø.

– Den vart i tillegg utvikla på berre eitt år. Tenk på det, i denne tøffe tida, skyt nestleiaren i bedriftsklubben, Sverre Thorsø, inn.

– Så har vi den store satsinga på Azipull L, ein tradisjonell, trekkande thruster, med permanent magnetmotor. Det er ein propell som vi har utvikla for dei større ferjene og cruiseskipa. Azipull L skal til dømes monterast på ekspedisjonsskipa som Kleven byggjer for Hurtigruten, og som også er av Rolls-Royce-design, seier Geir Sundal.

– Stolte

Rundturen på anlegget går mot slutten, og dei tillitsvalde fortel meir om sine tankar kring situasjonen arbeidsplassen deira er i for tida.

– Vi er veldig stolte over arbeidsplassen vår. Sjølvsagt har det vore tøffe tak, og fleire av våre tidlegare kollegaer har diverre vore nøydde til å finne seg anna arbeid. No ser tidene derimot betre ut igjen. Håpet er at dei blir verande slik, og at vi kan vekse igjen. Så håper vi også at vi får inn ein eigar som ønskjer å vekse med oss, seier Kjell Bjørn Hatlebakk, Sverre Thorsø og dei andre tillitsvalde avslutningsvis.

Ved Rolls-Royce Marine sitt anlegg i Ulsteinvik er det per april 2018 rundt 400 tilsette. Pilene peikar oppover, også i talet på tilsette, kan leiinga fortelje. Foto: Rolls-Royce Marine.
Desse propellane er av same typen som blir montert på fleire av Fjord1 sine nye, miljøvenlege ferjer. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.
Inne i den eine ettermarknadshallen er ein i ferd med å forbetre vaskeanlegget, slik at ein meir effektivt får reingjort til dømes thrusterar som har blitt tatt inn til service. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll
Karsten Djupvik (t.v.) og Frank Jarle Sundgot jobbar her på eit hovudtannhjul til ei girboks som skal monterast på eit militærskip. – Vi trivast godt her i Rolls-Royce, seier dei to. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll
Her står Geir Sundal (t.v.) og Dag Skarbø framfor ein av dei største tunnelthrusterane. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll