På loftet er det eit stort rom som John Riise nytta til opphaldsrom, atelier og orgelspel etter han flytta heim frå Oslo. Dette var John sitt rom frå om lag 1933 til 1950-talet. Seinare fekk John atelier i Syvdsbotn.

Då flytta broren Sverre heim som pensjonist og overtok rommet etter John. Då vart rommet delt av og forsynt med papp på veggane i kjend 1950-stil.

No har rommet fått tilbake originale materialkvalitetar slik det var opphavleg. Men ikkje nok med det, nye vindauge i rett stil er levert av snikkarverksemda til Johan og Harry Røyset. Johs Klungsøyr i Vonheims Venner fortel at det har blitt retteleg flott.

Erling Morten Hareid frå Rise Bygg har utført innreiingsarbeidet. Birger Finvik har stått for målararbeidet på listverk, dør og vindauge.

Dugnadsarbeid

Kjell Bjørn Rise og Harry Røyset har sett inn dei nye vindauge på dugnad, med listverk inne og utvendig.

Johs Klungsøyr har sjølv stått for pussing og måling av golv, utvendig listverk i tillegg til å organisere det heile.

Møblere rommet

Stiftinga Rasofielgarden og Vonheims Venner ser fram til å møblere rommet med tilhøyrande møblar og kunst. Dei satsar på å ha ope hus på 17. mai så folket kan nyte det som pengane har gått til.

Kvar haust i 16 år har Vonheims Venner delt ut giroar i postkassene til innbyggjarane i Hareid kommune. På giroane har dei oppmodar bygdefolket om å betale inn ein slump til restaurering av Rasofielgarden. Klungsøyr rosar hareidsfolket for å vere gåvmilde og støtte opp om arbeidet gjennom å betale inn pengar.

Utstillinga i Ulsteinvik

Inn i mellom fasane med oppussing har Aud Grimstad og Johs Klungsøyr frå Vonheims Venner bidratt med kunst av John Rise på utstillinga på Ulstein Bibliotek. – Dette var eit flott tiltak som sette John Rise og Rasofielgarden på dagsorden for eit vidare publikum, slår Klungsøyr fast. Grimstad peikar på at det kom mykje folk som var interesserte både i historia om John Riise og om denne kulturpletten i Hareid.

21 kunstnardamer frå Berlin

Vonheims Venner fekk frivilligprisen i fjor, men kviler ikkje på laurbæra.

– Kva er neste mål?

– No er det opninga av dette rommet på 17. mai, og det skal bli stas. Så greier me ikkje å halde oss frå å røpe at det den 18. mai kjem 21 kunstnardamer frå Berlin på besøk, så Rasofielgarden tar til å bli lagt merke til, fortel dei to eldsjelene.

Vidare står restaurering av gjesterommet i arka på programmet. Før hausten kjem skal dei setje i gang eit visst takettersyn med nye skorsteinskragar med meir. Og kanskje litt reparasjon av bordkledning.

Statue av Rasofiel

Vonheims Venner kunne også tenkt seg å få på plass ei statue av Rasofiel Rise framfor huset. Det blir kostbart.

– Men dersom hareidsfolket set alle klutane til, så vert det nok ei løysing på det også innan nokre år. Dette er på eit førebuande stadium, seier Klungsøyr.

Rasofiel Rise (1844-1910) var komponist, lærar, gardbrukar og songleiar. Han var far til dei talentfulle og gåverike Rise-søskena. Han leie songkor i Hareid over femti år og har laga melodiar til fleire av tekstane til Ivar Aasen, mellom anna «Tidt eg minnest ein gamal gard»

Tiltaka står i kø ved Rasofielgarden Vonheim, men Klungsøyr trøystar seg med at det verste no er gjort, og at det er ingen veg attende.