Ved Hareid skule har om lag 140 elevar frå første- til fjerdeklasse øvd inn songar og dansetrinn som dei framførte på Hareid sjukeheim for bebuarar og heimebuande eldre i kommunen. Og det var tydeleg at dei eldre sette pris på konserten. – Dei er flinke, utbraut publikum i salen og gav borna stor applaus.

Her var ein fin miks av tradisjonelle og nye songar. Vibeke Holstad, kontaktlærar for 3. trinn og leiar for koret, fortel at elevane sjølve har fått vere med å plukke ut kva songar dei skal synge. Hareid skule har årleg ein sommarkonsert der alle elevane er med. Denne fredagskonserten vart ein smakebit på kva me kan vente oss i Åsendalen 14. juni.

– Kvifor er de med og markerer Skolenes sangdag?

– Det er viktig for ein ser at det er eit auka fokus på basisfaga. Det er viktig at songen får styrka posisjonen på skulen, så ein ikkje gløymer han. Det styrkar fellesskapen å syngje i lag, seier Holstad.

Skolenes sangdag

Skolenes sangdag vart arrangert første gongen i april 2016, med 152 påmelde skular. Året etter deltok 190 skular frå heile landet. Denne dagen fungerer som eit nasjonalt løft for song. Musikk i Skolen står som hovudarrangør. I år har dei fått med seg både Oslo-Filharmonien og Krafttak for sang med på laget.

I Oslo Konserthus spelte Oslo-Filharmonien og 1000 elevar var med og song. Der var også Hans Majestet Kongen til stade. Konserten vart direkteoverført til 380 skular over heile landet.