– Me ønskjer å få inn så mange meiningar om forslaget som mogleg. Jo fleire stemmer som blir høyrde, jo betre grunnlag for kommunestyret når dei skal avgjere saka, seier Anita Sundnes som er leiar i plan- og bygningsavdelinga i Ulstein kommune.

Arealdelen i kommuneplanen for Ulstein er no ute på høyring for andre gong. Der blir det mellom anna foreslått å lage turvegar til Osberget og Hasundhornet. Dei føreslåtte turvegane er teikne inn i den tredimensjonale karttenesta CityPlanner og ligg ope på internett. Her kan ein studere kartet frå alle vinklar. Når ein har gjort seg opp ei meining om forslaga, svarer ein på nokre spørsmål som kommunen har kopla til kartet. Svara blir lagde fram for dei folkevalde som skal vedta kommuneplanen.

Dette er ein del av satsinga på innbyggardialog i Ulstein.

Veg eller ikkje

Det er foreslått ein grusa turveg opp til Hasundhornet frå bilvegen på austsida og opp til sjølve fjelltoppen. Vegen skal anten vere inntil 2,5 m brei, inntil 1,5 m brei eller berre mindre opparbeiding over våte/vanskelege parti. Her ønskjer kommunen innspel frå innbyggjarane om kva dei ønskjer. Kanskje dei ikkje ønskjer veg i det heile? Det kan dei også krysse for.

På Osberget er framlegget å lage grusa turveg på inntil 2,5 m brei via utsiktspunktet Kassen og fram til toppen. Denne vegen vil vere universelt utforma, det vil seie tilgjengeleg for alle. Her blir innbyggjarane spurte om dei ønskjer turveg heilt fram til Osberget, berre til Kassen eller ikkje veg i det heile.

Av dei første i Noreg

Ulstein er mellom dei første kommunane i Noreg som tar i bruk CityPlanner, men det er mykje brukt i Sverige.

– Me prøver ut nye måtar å involvere innbyggjarane på. Målet er å gje folk betre høve til å påverke, seier Svein Arne Orvik, leiar for avdeling for demokrati og kommunikasjon.

Kartet finn ein på adressa bitly.com/ulsteinfjell.