- Det er nok diverre slik på mange golfbaner kring om i Norge i år, seier nestleiar i Sunnmøre Golfklubb, Gunnar Hide, til Vikebladet Vestposten.

Han fortel at det har vore ein veldig tøff vinter for dekket på golfbana på Hareid.

- Det la seg eit slags islag over store delar av bana. Dette gjorde at graset under ikkje fekk nok luft, og at vi fekk store område med isbrann. No har det heldigvis byrja å grønskast igjen, og bana ser betydeleg betre ut enn ho var for berre nokre dagar sidan, seier Hide.

Som også kan fortelje at bana er opa for spel, og at årets fyrste onsdagsturnering går av stabelen i morgon.

- Det varierer frå år til år når golfbana er klar. Eitt år byrja vi å spele allereie fyrste nyårsdag. I år, når det har vore tele i jorda og ein skikkeleg kald og lang vinter, har det naturlegvis ikkje vore mogleg å opne bana så tidleg. Eg var og spelte golf på ei bane i Trondheim i førre veke, der det også var tydeleg å sjå at vinteren har vore ekstra utfordrande i år.

- Ønskjer nye golfarar velkomne

Gunnar Hide fortel at den tøffe vinteren eigentleg ikkje har ført til så veldig mykje meir arbeid.

- Banene består jo for det meste av fairwayar, som er speleområdet mellom tee (utslagsområdet) og green (putteområdet), og dette treng ikkje vere i tipp-topp tilstand for å spele. Greenen, derimot, er viktig å halde i best mogleg tilstand. Mesteparten av arbeidet no blir gjort for å sørgje for at desse er i god stand. Eg håper og trur at dei snart blir grøne og fine igjen, alle som ein.

Den newzealandske trenaren Mike Henderson er på plass igjen, noko også greenkeeper Bartosz Lukasz Gaj er, fortel Gunnar Hide.

- Eg vil også ønskje alle noverande medlemmar i klubben velkomne tilbake, men eg vil også ønskje alle som kan tenkje seg å spele golf, velkomne til golfbana på Hareid, seier Hide.