Ulstein trekkspelklubb var på plass og stakk av med heile tre gull. Den vann i klassane Orkestermusikk, Underhaldning og Gamaldans. Og med det gjorde dei reint bord under stemnet.

Orkestermusikk

Då dei konkurrerte i orkestermusikk spelte først «Melodia en La Minor» komponert av Astor Piazzolla, arrangert av Lars Røyseng. Deretter «Russisk Nonstop», tradisjonell russisk, også arrangert av Lars Røyseng.

Underhaldning

I Underhaldning spelte dei «Music from The Lord of the Dance», komponert av Ronan Hardiman, også denne arrangert av Lars Røyseng.

Så spelte dei «Oblivion», komponert av Astor Piazolla, arrangert av Lars Røyseng.

Deretter avslutta dei med «The Typewriter», komponert av Leroy Anderson og arrangert av Lars Røyseng. Her var Yngve Lillebø solist.

Gamaldans

I kategorien Gamaldans spelte dei valsen «Fjellsjøen», komponert av Egil Hauge, arrangert av Skjalg Bjørstad.

Så var det tid for reinlendar, «På 1. og 3. reinlendar», komponert og arrangert av Skjalg Bjørstad.

Så var det pols, «Lars Linkerifot». Dette er ein tradisjonell melodi arrangert av Skjalg Bjørstad.

Til slutt spelte dei «Parkway Polka», komponert av Eric Olzén, arrangert av Per-Olaf Green.

Fekk mykje skryt

Knut Selvåg, som er med i Ulstein trekkspelklubb, fortel at dei fekk mykje skryt i helga.

Trekkspelklubben øver ein gong i veka, og fram mot konkurransen vart det nokre ekstraøvingar med strykarane som kompar dei. – Når ein øver slik gjennom ein heil sesong er det artig å kome seg ut å få tilbakemeldingar på musikken ein speler. Folk sa at me var veldig flinke, så det gjekk veldig bra, seier Selvåg til Vikebladet Vestposten.

Under Vårbelg 2018 spelte gruppa Jhohans frå Trondheim på kvelden. Knut Selvåg fekk med seg denne konserten.

– Der er det ein som er så artig å sjå på når han speler, så det måtte eg ha med meg. Eg er som ungane, han er favoritten, seier Selvåg, som sjølvsagt også syntest det var stas at klubben hans fekk med seg tre gull.

Selvåg er full av lovord over Linda Elin Nygård, som er leiar i trekkspelklubben. – Ho er så flink både med dei eldre og dei unge musikarane, rosar han.