Dei er mellom veteranane, medlemmene i quiz-laget «Scotty og dei». Akkurat i kveld er det berre «og dei», ettersom lagkamerat Trond «Scotty» Skotheim har meldt forfall, men Otto Ottesen, Pål Ottesen, Vinjar Vikanes og John Vik satsar på at det skal gå bra likevel. Laget må også greie seg utan musikkeksperten sin, Fredrik Alvestad, som er på sjøen.

Det er med andre ord litt tynt i rekkene hos «Scotty og dei» akkurat i kveld, men elles er Kaffebaren i Ulsteinvik stappfull, slik han oftast er under torsdagsquizen.

Populært tiltak

– Interessa for dette tilbodet ser ikkje ut til å avta, seier Lidar Wingsternes ved Kaffebaren. Då Kaffikari stengde dørene for eit par år sidan tok Kaffebaren over den populære torsdagsquizen.

– Målet vårt har vore å samle folk på tvers av generasjonane, og det må ein seie vi har lukkast med, seier Wingsternes.

«Scotty og dei» har delteke på quizen i Ulsteinvik så å seie frå dag ein.

– Det har berre blitt slik. Det er ein fin måte å møtest på, å kunne ta seg ei øl og vere sosiale, seier Vinjar Vikanes.

– Det er jo gjerne slik at genia samlar seg, prøver John Vik seg.

– Eller at nokre tullingar vil møte andre tullingar, repliserer Otto Ottesen.

Quizjulebord

Gjengen møtest også utanom quizen, mellom anna reiser dei på ein tur eller to i løpet av året. «Scotty og dei» har dessutan eige julebord.

– Då er også våre betre halvdelar med. Og sjølvsagt har julebordet ein innlagt quiz, fortel Pål Ottesen.

Geografi og sport er mellom favoritt-emna.

– Verste kategori er nok nyare musikk, det vil seie frå 90-talet og utover, meiner Otto.

Kven var khan?

I første runde er temaet historie.

Her skal deltakarane mellom anna svare på kven som var kahn då Marco Polo gjesta mongol-riket. Laget satsar på Djengis.

Deltakarane må også finne ut kva halvsystera til Leiv Eiriksson, dottera til Eirik Blodøks heitte.

Det syner seg at det er barnebarnet til Djengis, Kublai, som var herskar i det veldige mongol-riket då Marco Polo kom på besøk. Og dottera til Eirik Blodøks heitte Frøydis Eiriksdotter.

Quizmaster Steffen Kopperstad er i godlune og er raus med poenga. Det vert difor eitt poeng av to moglege til dei laga som berre har avgitt det noko innlysande svaret Eiriksdotter.

«Scotty og dei» oppnår 11 poeng av 14 moglege i første runde, noko dei seier seg nøgde med.

Heimelaga

Quizmaster Kopperstad er relativt ny i gamet. Det er berre knappe to månader sidan han tok på seg denne oppgåva.

I kveld kan han by på heimesnikra spørsmål, elles er det vanlegvis «kjøpespørsmål» som vert stilt.

Målet er å teste ut nye spørsmålsformer og oppgåvene inneheld alt frå klassiske quiz-spørsmål til gåter og rebusar. Kategoriane spenner frå som før nemnt historie, geografi, lett blanding, film og musikk.

Ettersom spørsmåla denne gongen avvik frå det vanlege oppsettet, vert ikkje poengsummen rekna med i det totale samandraget denne gongen. Etter kvart semester, vår og haust, vert det nemleg kåra ein samanlagtvinnar.

Quizmasteren har dessutan lagt inn ein meir omfattande musikkdel enn vanleg denne gongen, der ein skal kome fram til namnet på eit musikkstykke, artisten som framfører den og kva album musikken er henta frå.

All musikken i denne kategorien er henta frå 90-talet, altså det gjengen i «Scotty og dei» karakteriserer som nyare musikk.

– Det gjekk likevel betre enn frykta, seier Vinjar Vikanes.

Når poenga er rekna saman, syner det seg at «Scotty og dei» endar opp som nummer fem av i alt fullførande 16 lag. Vinnarane av kveldens quiz vert erkerivalane i «Skjegg og bading».