Helge Riise og Bergen Shantykor til finalen

Den utflytta hareidsdølingen Helge Riise og Bergen Shantykor har kvalifisert seg til finalen i TV-konkurransen Norske Talenter.

Alt-i-eitt: Helge Riise er dirigent, pianist og kunstnerisk leiar i Bergen Shantykor. 

Nyhende

Riise er både dirigent, pianist og musikalsk leiar for koret. Semifinalen gjekk 4. mai. 18. mai er koret klar for finale, som har ein premiepott på ein halv million.

I korrekkene står også ein annan ekshareidsdøling, Olaf Inge Wolsdal.

- Vi jobbar hardt for å kunne framstå som eit kor med glød, songglede og spontanitet, men også med høg kvalitet, seier Riise, som har ei årrekke bak seg som kordirigent i Hansabyen etter at han forlet Hareid.

Til Hareidsstemna

Koret har også lagt inn Hareidsstemna i konsertplanen sin utover hausten. Då framfører dei musikkspelet «Take me home» i Hareidhallen. Shantykoret samarbeider med Marianne Riise og Renate Hjelvik, som spelar mor og dotter i spelet. I tillegg har dei knytt seg til eit orkester.

Starta som sporvegskor

Bergen Shantykor vart stifta i 1930 som eit bedriftskor for sjåførar og andre tilsette i Bergens Sporveier. Den gongen kalla koret seg Bergen Sporveiskor. Seinare vart det namnebyte til Tide Mannskor - som fylgje av eit namnebyte i bedrifta.

Men i desember 2014 vart det samrøystes vedteke å endre namn til Bergen Shantykor, då det kom til mange nye songarar som ikkje var knytt opp til bedrifta. Og no ville koret også stå på eigne bein.

- Samtidig skifta vi musikalsk profil, fortel Helge Riise. - Målet er å nå «folk flest» med gode shantylåtar, smektande køntrymelodiar og irske folkesongar!

Frå å ligge nede med knekt rygg og rett over 20 medlemmer, tel koret i dag 54 faste betalande medlemmer og 4 aspirantar!