Dato for ekstraordinært årsmøte i IL Hødd er klart:

Normark skal veljast inn

Hødd kallar inn til ekstraordinært årsmøte for idrettslaget 29. mai.

Ivar Morten Normark.  Foto: Ivar Thoresen/Norsk Fotballtrenerforening.

Nyhende

Ivar Morten Normark vart som kjent innstilt som ny styreleiar for fotballgruppa 2. mai av styret i IL Hødd Fotball.

Under det ekstraordinære årsmøtet vil Normark etter alt å døme bli valt inn som nytt styremedlem, og så skal fotballstyret konstituere seg med Normark som leiar, i eit eige styremøte.

Håvard Haanes var leiar til han gav seg i mars.