Godag:

- Bokbåten kjem på besøk til oss, me slepp å dra til han.

Bokbåten Epos  Foto: Arkiv

Bokbåten kjem på besøk til oss, me slepp å dra til han.

Nyhende

Sola skin og det er mai. Denne rare månaden som er full av raude dagar og inneklemte fridagar som gjer at ungane skal ha fri frå skule og barnehage, men verda stoppar ikkje av den grunn. Avisa må ut, og brukar eg opp fridagane mine no er det lite att til den superlange sommarferien skulen tar. Deretter kjem haustferie og juleferie, så korleis det er tenkt at dette skal gå opp, forstår ikkje eg. Men det er ikkje dette eg skal skrive om denne gongen.

Eg kunne også ha skrive om den nye trampolinen vår som viser seg å vere kjempestor. Skal ho stå der den førre trampolinen stod, vil ho ta halve hagen og heile utsikta. Og utsikta er liksom noko av sjarmen med å bu der me bur, sånn bortsett frå trivelege naboar, kort veg til stranda og slikt.

Mannen min vil plassere trampolinen bak huset, i oppkøyrselen. Der står ho skjerma. Men om trampolinen står bak huset, får ikkje ungane sett på havet medan dei hoppar, og det vil dei jo. Sjølv veit eg ikkje kva eg vil, så no har me hatt tenkepause i snart to veker, og trampolinen står halvvegs oppskrudd i hagen.

Det som opptar meg denne gongen er likevel Bokbåten Epos. Eg har ikkje tal på kor mange gonger dette kulturtilbodet har vore foreslått nedlagt, og like mange gonger har det blitt berga. Og no vil fylkesrådmannen på ny leggje ned dette flotte tilbodet. Førstkomande onsdag får Kultur- og folkehelseutvalet i fylket denne saka på bordet. Saka heiter ikkje nedlegging av bokbåten, men evaluering av bokbåttenesta – evaluering for vidare vegval. Det heiter seg at dei vil nytte ressursane annleis. Ved å leggje ned bokbåten får fylkesbiblioteket frigjort tid til å planarbeid, noko dei er pålagt å drive med jamfør ny biblioteklov. Dei kan heller støtte opp om debattar og litteraturkveldar på dei eksisterande folkebiblioteka, blir det foreslått.

Eg kan ikkje skryte av å ha gode minne frå bokbåten i oppveksten, for eg har ikkje vakse opp i «bokbåt-land», men borna mine har det. To gonger i året legg bokbåten Epos til kai i Eiksund. Då møter me opp i lag med mange andre og låner bøker og får med oss ei førestilling, anten det er Klovnen Knut som får oss til å le, Wilhelm Støylen som les eller nokon andre som tar oss med ut på eventyr. Jauvisst har me fått eit fint og nytt bibliotek i Ulsteinvik, med langt betre utval enn det bokbåten har, men det kan ikkje erstatte opplevingane me får om bord i bokbåten.

Og når bokbåten legg til kai nede ved Ulstein Betongindustri, kjem skuleborna og barnehageungane frå Haddal spente om bord i båten. Bokbåten kjem på besøk til oss, me slepp å dra til han.

I sakspapira til fylket ser eg at bokbåten er eit tilbod til 24 av 36 kommunar i Møre og Romsdal. I fjor hadde bokbåten 137 planlagde stopp. Epos hadde i 2017 5432 besøkande, av dei 4134 born. Det vart lånt ut 12 786 bøker. Kvar besøkande lånte i snitt 2,4 bøker. Det var planlagt 140 kulturarrangement om bord.

Bokbåten kjem til dei små stadene. Det er ikkje sikkert lånetakarane som no nyttar bokbåten, vel å reise til folkebiblioteka for å låne bøker der i staden.