Frå frustrasjon til glede

Jubelscener etter at Hødd slo Kristiansund ut av cupen torsdag.  Foto: Andreas Bjerknes

Nyhende

Denne veka har det vore ekstra interessant å vere publikum på Høddvoll. Seriekampen mot Vålerenga2 og cupkampen mot Kristiansund BK baud nemleg på to svært ulike opplevingar.

Måndag stilte Vålerenga2 med eit svært ungt lag. Fleire av spelarane hadde visst tannregulering, og gjennomsnittsalderen var rundt sytten år. Men unggutane kunne å spele fotball. Då det hadde gått nitti minutt stod det 1-1, og mange publikummarar hadde allereie forlate tribunen. Så, fem minutt på overtid, på det siste sparket på ballen, sikra heimelaget 2-1-sigeren og tre viktige poeng.

Torsdag var det cupkamp mot eliteserielaget Kristiansund BK. Sigeren burde ha vore større enn 2-0, og dei siste fem minutta var det ikkje berre Blåsarane som stod og klappa. Også publikummet på hovudtribunen reiste seg, og det er det lenge sidan sist skjedde. Hødd er det einaste laget frå Møre og Romsdal som framleis er med i cupen. I neste runde ventar Bodø/Glimt borte, og no er det nok mange som drøymer om eit nytt cupeventyr for Hødd, slik som i 2012.

I dagens avis får du møte ein av dei nye spelarane på Hødd-laget. Midtbanespelar Marius Hagen frå Eid meiner Hødd er ein toppklubb i feil divisjon, og seier at å spele på Høddvoll nesten er som å spele heime. Han fortel at han som spelar vert godt integrert i klubben og at det då betyr mykje å vinne kampar. Og så seier han: «Det skuffar meg veldig at folk går frå tribunen før kampar er ferdige!»

Denne veka har vist både kor frustrerande og kor herleg det er å vere fotballsupporter. Eit fotball-lag er viktig for den lokale identiteten. Endå fleire burde ta seg tid til å oppleve det. Og alle burde klare å vere på tribunen til dommaren bles i fløyta for fulltid.