Ny kjolerulling på gang

Kjolerullinga som K-gruppene i Ulsteinvik arrangerte i fjor vart ein kjempesuksess. Laurdag 9. juni kan du igjen gjere deg eit kjolevarp.

Populært: Mange møtte opp på Fredheim under kjolrullinga i fjor, og mange kjøpte med seg kjolar heim. Det gav over 60.000 kroner i kassa til Nye Ulstein kyrkje. (Arkivfoto).  Foto: Anne Gry Eilertsen

Av Ullteppe: Ei av K-gruppene har sydd gamle ullteppe om til puter og vesker. Dei blir å få kjøpt under kjolerullinga. 

Nyhende

– Ja, det vart ein suksess i fjor, og det er derfor vi har kasta oss på om lag same opplegget i år, fortel Kjersti Kleven.

Ho er med i K-gruppe 3 som arrangerer Kjolerulling for ny kyrkje. Totalt er det 5–6 K-grupper i Ulstein, og dei andre gruppene hjelper til med blant anna å same inn kjolar.

Inntekta av kjolerullinga – og kjoleauksjonen vart i fjor på over 60.000 kroner, og sjølv om det var ein sum som var meir enn gruppa hadde forventa, håper dei på å få inn endå meir pengar på årets kjolerulling.

Inntekta går uavkorta til nye Ulstein kyrkje.

Kjersti Kleven håper folk no går i skap og skuffer og leitar fram kjolar dei kan tenke seg å gi bort til kjolerullinga på Fredheim.

Ho legg til at dei også ønskjer kjolar i store storleikar.

– Responsen var svært god i fjor, så vi er sjølvsagt litt spente på om det vil kome inn færre kjolar i år. Men vi trur det er mange kvinner som har hengande kjolar dei ikkje brukar lenger, og som kan kome andre til nytte, seier Kleven.

Også vesker og anna tilbehøyr

– I år er det forresten ikkje berre kjolar vi er interesserte i. Vi tek også i mot vesker, jakker, sko og anna tilbehøyr som er naturleg til kjolar. Ikkje boblejakker, gore-tex eller fjellsko ...


Puter av ullteppe

Ei av K-gruppene har i vinter hygga seg med å lage puter og vesker av gamle ullteppe. Også dei blir å få kjøpt under kronerullinga på Fredheim.

– Dette er flotte ting å ha i utekroken eller hytteveggen, kommenterer Kjersti Kleven.

Under kjolerullinga i fjor vart det også gjennomført ein kjoleauksjon, med blant anna ein kjole som statsminister Erna Solberg hadde gitt bort, og fleire kjolar frå Bjørg Thorhallsdottir.

– Hittil har vi ingen statsministerkjolar i sikte, men vi reknar med å få inn nokre godbitar, så auksjon skal det bli lovar Kleven.

Ho håper mange finn vegen til kjolerullinga på Fredheim.

– Vi i K-gruppa synest det er kjekt å vere med på Smak av Ulstein. Både K-gruppene og kyrkja er ein del av det vanlege folkelivet i Ulstein, og det skal den nye kyrkja også vere, slår ho fast.

K-gruppa tek imot kjolar og anna tilbehøyr som folk vil levere inn, og dei vil helst ha det inn innan utgangen av mai, for å få ei oversikt over omfanget.