Vart Lotto-millionær:

- Dette er heilt utruleg

Ein mann frå Ulstein vann over 2,7 millionar kroner i Lotto laurdag kveld.

Vinnarrekka frå laurdag  Foto: Norsk Tipping

Nyhende

Han var ein av fem som fekk sju rette.

Dei andre vinnarane er ein mann frå Bodø, ein mann frå Trondheim, ein mann frå Bærum og ei kvinne frå Drammen.

Ifølgje Norsk Tipping sine nettsider, fekk dei tak i Ulsteinmannen først søndag formiddag.

- At det går an, dette er heilt utruleg. Eg trudde først det var tull dette her, seier mannen til Norsk Tipping.

Han har allereie planlagt kva pengane skal brukast til:

- No skal eg investere i bustad og betale ned gjeld.