Vikebladet Vestposten erfarer at samarbeidspartnar Lürssen ønskjer å kansellere kontrakten med verftskonsernet.

Kjelder av Vikebladet Vestposten fortel at dei tilsette i Kleven har blitt orientert om situasjonen.

Det bekreftar også konstituert konsernsjef i Kleven, Olav Tanberg, søndag kveld.

- Dei tilsette fekk vite om dette i ein interninfo no før helga, seier Tanberg.

Skulle vere fyrste samarbeidsprosjekt

Det var i november 2017 Kleven kunne annonsere at dei hadde inngått kontrakt med ein ikkje namngjeven kunde om bygging av eit 100 meter langt explorer-fartøy.

Ein kontrakt som blei inngått i samarbeid med det tyske Lürssen-konsernet, som er heilt i verdstoppen innan design og bygging av store yachtar.

Fartøyet skulle byggast, få teknisk sluttføring og delvis utrustast ved Kleven Verft, medan sluttutrusting og innreiing skulle gjerast ved Lürssen sitt Blohm+Voss-anlegg i Hamburg.

Levering var planlagt til 2019.

Konsernsjefen den gongen, Ståle Rasmussen, uttalte etter kontraktssigneringa at dette var det fyrste resultatet av samarbeidet mellom konserna.

No kan det derimot sjå ut til at dette ikkje blir noko av.

I dialog med Lürssen

Det er ikkje kunden som ønskjer å trekkje seg frå kontrakten, men samarbeidspartnar Lürssen, fortel konstituert konsernsjef Tanberg.

- Slik er situasjonen no, ja. Men vi er ikkje einige i argumentasjonen bak ønskjet om å terminere kontrakten. Vi er i dialog med Lürssen, og ser om vi klarer å kome i hamn med ei anna form for løysing, seier Tanberg og legg til:

- Vi har gitt beskjed til underleverandørar på prosjektet at dei skal stoppe opp med det dei eventuelt har byrja på i forhold til prosjektet. Bygginga av båten har heller ikkje starta enno.

- Kan dette bety ein slutt på samarbeidet med Lürssen?

- Dette gjeld det nemnte prosjektet. Vi er som sagt i dialog med Lürssen, og saman med dei ser vi på ein veg vidare, seier Tanberg til Vikebladet Vestposten.

Kan få konsekvensar

Ei terminering av kontrakten vil naturlegvis føre til lågare aktivitet og mindre inntening i 2019, men kva det vil koste Kleven er det for tidleg å seie noko om, fortel Tanberg.

- Nei, det kan vi ikkje kommentere på noverande tidspunkt. Først må vi sjå kva som blir resultatet av dette, så får vi kome tilbake til eventuelle økonomiske konsekvensar på eit seinare tidspunkt.

Olav Tanberg, konstituert konsernsjef i Kleven Foto: Arkiv: Ole-Ottar Høgstavoll