Skal spele ung festarmann

Fredrik Steen frå Ulsteinvik har fått ei rolle i årets Herøyspel.

Fredrik Steen  Foto: Pressefoto/John Andresen

Bjørn Holum tek rolla som Ragnar Herøyhovding.   Foto: Herøyspelet

Nyhende

Han skal spele Ingolf Ynda, som er festarmannen, eller hovdingdottera Unn den Fagre sin trulova.

- Eg ung, ja!? På innsida kjennest det som om eg var russ i går, ler han. Men kjem på han at nok må farge det grånande skjegget og få seg parykk skal han vere ung festarmann i vikingmusikal.

- Og så trenar eg. Og har lovd at eg skal jogge til øvingane på spelet kvar dag, seier Steen i ei pressemelding frå Herøyspelet.

Han har tidlegare hatt rolla som konge i spelet.

I hovudrollene i 2018 finn du:
Kong Olav Haraldson: Eirik Risholm Velle
Ingolf Ynda: Fredrik Steen
Møre-Karl: Frode Bjorøy
Unn den fagre: Katrine Dale
Inga: Siren Jørgensen
Ragnar Herøyhovding: Bjørn Holum
Kjerring Bråte: Hedvig Garshol
Fe den synske: Eirik del Barco Soleglad


Klart for framsyning 101 av «Kongens Ring»

Dei 300 deltakarane i Herøyspelet er klare for årets framsyningar.