Verdsnaturfondet (WWF):

Vil ha obligatorisk småbåtregister

Av dei 800.000 fritidsbåtane i Noreg er omtrent halvparten uregistrerte, og kvart år hamnar 1800 fritidsbåtar på botnen av havet, ifølgje ein rapport frå 2015.

Kvart år hamnar 1800 fritidsbåtar på havbotnen, ifølgje ein rapport laga på oppdrag for Miljødirektoratet i 2015.   Foto: Illustrasjon/Kari Hamre/NPK.

Nyhende

(NPK): Båtane utgjer ein miljøtrugsel og no vil Verdsnaturfondet (WWF) få på plass obligatorisk småbåtregister.

– Når ein båt hamnar på havbotnen, er det svært tidkrevjande og kostbart å få den opp. Dessutan skadar det naturen at den ligg der. Ei obligatorisk registrering vil ansvarleggjere eigarane. Kanskje dei også blir flinkare til å ta vare på båtane sine, seier Fredrik Myhre som er seniorrådgivar for fiskeri og havmiljø i WWF til NRK.

Sidan 2004 har det vore opp til kvar enkelt båteigar om dei vil registrere båten sin.