Senterpartipolitikar Lisa Mari Breivik Anderson vart særs provosert på møtet i Ulstein formannskap då dei fekk lagt fram ny Barnehageplan for Ulstein kommune. Ho er glad for at dei no gjer noko med dette, for kommunen har ikkje hatt ein gyldig barnehageplan sidan 2004.

Men når ho ser på planen for kva barnehagar kommunen skal byggje ut, og kva dei skal prioritere først, blir ho veldig forundra. – Eg har, saman med fleire andre, både i Senterpartiet og småbarnsforeldre i Hasund krins, jobba for at Sundgotmarka barnehage skal få eit nytt bygg, seier Anderson.

Men administrasjonen vil heller prioritere å byggje ein barnehagen i sentrum først (oppstart 2019), før Sundgotmarka barnehage i 2024.

Barnehage i dårleg stand

I dag er Sundgotmarka barnehage delt på to lokalitetar: den gamle barnehagen (bygd på 90-talet) og kjellaren/dei tidlegare garderobene på Hasundgot klubbhus.

Anderson fortel at dette var ei mellombels løysing som har vart lenger enn den skulle. Det er sett opp ei brakke ved hovudbarnehagen, også denne skulle vere mellombels. Brakka blir brukt som kontor for dei tilsette. – Taket lek, og bøtter må settast ut her og der. Før påske i 2017 vart det levert eit lass med takstolar til barnehagen, fordi taket på brakka skulle fiksast. Dei ligg der fortsatt, seier Anderson frustrert.

Ho kjenner det som barnehagen blir nedprioritert og pengar kasta ut av vindauget. Vaktmeisteren har berre to timar i månaden på dei to lokalitetane til Sundgotmarka barnehage. Det er for lite, så foreldra må stille mykje på dugnad for å gjere vaktmeistertenester og vedlikehaldsarbeid på dugnad.

Anderson har ei dotter i Sundgotmarka barnehage, og dei to eldste borna hennar har også gått i denne barnehagen.

– Spareblusset i den einaste kommunale barnehagen har vore på i mange år, for å hindre for høge utbetalingar til dei private barnehagane! Men dette går på kostnad av borna våre, dei tilsette og foreldra. I brukarundersøkinga i vår svara foreldra at lokala er slitte og gamle. Alle ønskjer seg eit nytt bygg, og håpet om dette har byrja å få nytt liv, seier SP-politikarane som kjende sakspapira til formannskapsmøtet som eit slag i trynet.

Prioriterer barnehage i sentrum

Den nye Barnehageplanen skal på høyring før han blir vedteke. I planen har altså administrasjonen prioritert å byggje ny kommunal barnehage i sentrum. Arbeidet på denne barnehagen skal starte i 2019, altså fem år før bygging av ny barnehagen i Hasund krins (oppstart 2014).

Den nye barnehagen vil administrasjonen leggje i Holsekerdalen.

Barnehage med over hundre plassar

I følgje planen trengst det 31 ekstra barnehageplassar i 2024 i forhold til i dag (i kommunen samla sett – frå 602 til 633). Planen seier også at om ein skal bygge ein ny barnehage som skal vere mest mogleg økonomisk effektiv å drive må han ha minst 100 plassar, helst 120-130.

Anderson er redd for at om ein først byggjer ein barnehage i sentrum med over hundre plassar, vil behovet for ny barnehage i Sundgotmarka/Hasund krins falle bort. Kanskje kommunen går så langt at dei kvittar seg med dei to gamle, lite eigna banehagelokala i denne krinsen, til fordel for den nye og flotte kommunale barnehagen i Ulsteinvik sentrum? Ho meiner det er, trass i kva planen seier, er eit stort behov for barnehageplassar i Hasund krins. Ho er djupt usamd i at behovet er størst i Ulsteinvik sentrum.

– Men sjølvsagt søkjer foreldre seg til Vik om dei ikkje får plass i eigen krins. Sundgotmarka barnehage har i dag 67 plassar. Det optimale for denne krinsen ville ha vore 100 plassar, meiner ho.

Fordelar med å byggje i Hasund

Anderson tenkjer at om ein byggjer ein ny barnehage i Hasund går utgiftene per barnehageplass ned (med tanke på utbetaling til dei private). Ein vil kunne dekke behovet i krinsen (rundt 20 plassar per årstrinn) og ein vil gje borna og tilsette betre forhold. På dette viset kan ein få dekt inn dei 31 plassane som skulebruksplanen seier Ulstein kommune treng.

Om kommunen vel å byggje først i sentrum fryktar ho ar Sundgotmarka blir lagt ned, og at dei ikkje lenger får barnehagen i Hasund krins. – Det er ein sterk provokasjon frå Oppvekstetaten å komme med eit slikt framlegg. Det er sentrum som har fått ALT dei siste åra, og no er det jammen meg på tide at krinsane vert sett og høyrd! Det er mange i etableringsfasen som flyttar til Hasund/Dimna og me treng barnehage i denne skulekrinsen også, seier Anderson oppgitt.

Anderson fortel at ho fekk gehøyr for argumenta sine i formannskapet, men dei meinte det ikkje var rett å endre på prioriteringslista. Dette var ein plan som skal på høyring, dessutan er det levekårsutvalet som var rett instans for å kome med endringar. No angrar Anderson for at ho ikkje fremja forslag om å endre prioriteringslista, sjølv om framlegget eventuelt berre ville fått hennar røyst. Men ho bad i alle fall om ein protokolltilførsel om at ho ønskjer utbygging i Hasund krins først.

Bør ikkje liggje ved skulen

I framlegget til arealdel for kommuneplanen har administrasjonen teikna inn ny barnehage ved Hasund skule. Dette meiner Anderson er eit dårleg val. Ho meiner det er betre å byggje ved Hasundgot stadion. Dette er eit betre turområde. Nær fotballbane, fjell, sjø og gapahuk (etablert av barnehagen sjølv.

Ho tenkjer at Hasund skule kan trenge plassen ved skulen sjølv, i tilfelle skulen veks og må utvide. Ved skulen bør ein spare dette området til ei evt utbygging av skulen. Dessutan kan det bli keisamt for barna å gå på skule og barnehage i same område alle åra.

Ho seier også at det er trafikkfarleg å presse ein barnehage inn i dette området. Trykket med ungar som blir køyrd til skulen om morgonen er stort nok om det ikkje i tillegg skal bli frakting av barnehageborn her.

Det einaste argumenter ho har høyrd for tomta ved skulen er at ein kan bruke tilsette båe stadene, ha felles leiar og danne eit oppvekstsenter. Anderson meiner dette ikkje er til det beste for borna, berre for å spare pengar. – Borna, og særleg dei minste, treng stabile vaksne, og ikkje ein tilfeldig vikar som brått vart ledig på skulen. Ein barnehage med minst 100 plassar treng også ein leiar, og er ei stor nok eining i seg sjølv, slår ho fast.

Anderson er imot sentralisering og store einingar. Dette er ei sak ho vil kjempe for, ho nektar å finne seg i at det skal byggjast barnehage i sentrum først.