– Så lenge eg kan minnast har 17. mai-toget gått frå Skeide om formiddagen og hekta seg på barnetoget i Ulsteinvik på Reiten, seier leiar i 17. mai-komiteen i Ulstein skulekrins, Berit Cecilie Skeide.

Slik vert det ikkje i år. 17. mai-komiteen i Ulsteinvik bestemte seg tidlegare i vår for å slå saman barnetoget og borgartoget og ha eit felles tog klokka eitt i staden. Denne avgjerda får konsekvensar også utanfor bygrensene.

For elevane ved Ulstein skule inneber dette at det ikkje vert noko tog å gå i frå skulen og inn til Ulsteinvik sentrum, slik tradisjonen har vore i alle dei år.

– Eg tykkjer det er trist, men vi såg ingen annan utveg enn å droppe toget frå Skeide denne gongen.

I staden stiller elevane ved Ulstein skule opp i sentrum og vert med toget frå start etter kransepålegginga ved kyrkja, saman med skulane i Ulsteinvik.

– Dersom vi skulle ha marsjert frå Skeide og slutta oss til toget i Ulsteinvik klokka eitt, hadde vi ikkje fått med oss verken kransepålegginga eller gudstenesta. Eit alternativ kunne ha vore å starta frå Skeide klokka halv ti som før og kome fram til kyrkja før gudstenesta, men då måtte vi ha klart oss utan musikklaget og elevar og foreldre frå Flø, då dei deltek i sitt eige tog der ute.

Berit Cecilie Skeide er i grunnen litt overraska over at det ikkje har vore nokon reaksjonen på at dei har kutta ut toget i år.

– Eg har sendt ut e-post til alle foreldra ved Ulstein skule der vi forklarer kvifor vi har lat å gjere det slik, men har ikkje fått ei einaste negativ tilbakemelding på at vi har droppa toget. Det er nesten litt pussig, seier ho.

Det er dermed ikkje sagt at det ikkje vert 17. mai-tog på Skeide neste år.

– Det vart slik i år, så får vi evaluere dette opplegget og kanskje gjere nokre endringar for 17. mai-feiringa neste år, seier komitéleiaren.

Folkefesten på skulen går derimot som normalt, med unntak av at denne er utsett ein halv time for at folk skal kunne få med seg friluftsfesten i Ulsteinvik med god margin.