Det møtte opp i underkant av tjue innbyggjarar frå Røyset på formannskapsmøtet måndag for å få med seg denne saka. Dei fortel til Vikebladet Vestposten at for vel eit år sidan fekk dei framlagt ein plan frå kommunen. Denne planen var dei nøgde med. Difor vart dei noko paffa då dei no, nærast tilfeldig, fekk kjennskap til at det dei først fekk førespegla likevel ikkje skal gjelde.

Rådmannen foreslår no ei endring i praksis angåande sidegreiner for vatn og avløp. Forslaget gjekk ut på at sidegreiner til bustader/bustadklynger/bygningar i kommunale vass- og avløpsprosjekt blir kosta og utbygd av den enkelte eigar/eigarar. Leidningane blir privateigde fram til kommunalt tilknytingspunkt på hovudleidninga.

I sakspapira blir det nemnd at departementet i 2012 uttalte at ein kostnad på 200 000 kr er innanfor det er som er akseptabelt, men også ein kan også rekne med å betale ein høgare pris.

Noko av bakgrunnen er at bransjen sjølv tilrår dette, så det blir mest mogleg like reglar over heile landet. Einingsleiar Christina Steffenssen sa at kommunen ikkje har pengar til å grave ut til alle og ta kostnadene med vedlikehald. Difor bør dei private koste dette sjølv.

– Eg hadde grine

Men framlegget frå rådmannen fekk motstand i Hareid formannskap. Kristian Fuglseth (Folkelista) ville i staden ha ein regel om at kommunen legg røyra fram til 50 meter frå privat bustad, som har vore ganske standard prosedyre til no. Han syntest ikkje det er rimeleg å påleggje ein privat huseigar større kostnader.

Annika Brandal (Venstre) var samd med Fuglseth i prinsipp, men ville at dei skulle formulere seg slik at dei slepp å ta investeringa over driftsbudsjettet, men heller ta det på investeringsbudsjettet. Ho syntest det var urimeleg at innbyggjarane på Røyset skal betale noko anna enn dei har blitt førespegla. Ein kan ikkje snu på det ein har sagt midt inni eit prosjekt.

– Om eg hadde fått presentert at eg måtte betale 200 000 kr ekstra etter eg hadde investert i eit hus, trur eg at eg hadde lagt meg ned og grine, sa Brandal som godt forstod innbyggjarane på Røyset.

Hastverk

Jeanette Teigene (Framstegspartiet) lurte på kvifor saka ikkje hadde vore innom Næring- og miljøutvalet. Når ein har eit fagutval bør ein bruke det. Til det fekk ho til svar at administrasjonen ønskte fortgang i prosjektet. Dei har orientert utvalet om dette. Ja, det kunne Kjetil Nesset (Folkelista og leiar i næring- og miljøutvalet) stadfeste, men det var etter førespurnad frå utvalet, og dei fekk ikkje tildelt noko skriftleg i denne saka.

Fellesframlegg

Etter ei ti minutt langt gruppemøte hadde representantane i formannskapet greidd å sy saman eit fellesframlegg, som dei vedtok samrøystes.

Dei rår kommunestyret til å innføre eit generelt prinsipp i Hareid kommune om at sidegreiner til bustader/bustadklynger/bygningar i kommunale vass- og avløpsprosjekt blir kosta og utbygd av kommunen inntil tomtegrensa til abonnent. Leidningane blir kommunalt eigde. Ved uforholdsmessige kostnader for abonnent kan det vurderast ei vurdering av deling av ansvar og kostnader. Ein føreset at kostnadene blir bygde ut ved sjølvkostprinsippet.

Saka blir avgjort av kommunestyret neste torsdag.

Folksamt: Møterommet som blir brukt til formannskapsmøta i det mellombelse rådhuset er ikkje stort. Ikkje alle frammøtte fekk plass langs veggene, så nokre stod på gangen. Foto: Ingvild Aursøy Måseide