Samrøystes om grendeskulane

Arkivfoto av Eiksund skule.  

Nyhende

Ulstein formannskap slutta samrøystes opp om framlegget til rådmannen om å løyve 1,13 millionar kroner for å overføre dei gamle grendeskulane til bygdene.

Ulstein kommune og grendene har halde på i årevis for å kome til semje om overtaking av dei nedlagde skulane i Eiksund, Flø og Dimna.

Ordførar Knut Erik Engh uttalte på formannskapsmøtet at dette var ei gladsak, no håpar han at kommunen får avslutta denne saka. Men han tør ikkje sprette sjampanjen før kommunestyret har gjort endeleg vedtak og avtalane med grendelaga er signerte.