For femten år sidan laga Birgitte Lovise Urke sitt første mosearbeid. Då arbeidde ho for ei bedrift i Oslo og mosen skulle hengje på ein eksklusiv møbelbutikk. – Eg synest sjølv dei er så vakre, så eg laga meg ei som eg har hengande på badet.

Då naboen hennar skulle opne Nobel Frisør og velvære på Blåhuset vart ho beden om å lage ei slik moseramme for å smykke ut disken. Og Urke fekk seg ikkje til å seie nei. Etter denne moseramma kom opp er det mange som har spurt henne om ho kan lage ei slik til dei også, anten til heimen, hytta eller butikken deira. Etter kvart tenkte blomedekoratøren at det måtte vere ein marknad for dette, så ho smelte til med ei eiga utstilling, så folk fekk kome og sjå kva ho kan lage og stille dei spørsmåla dei har på hjartet.

Handplukka reinlavsmose

Mosen kjøper ho frå ei bedrift i Rendalen som handplukkar reinlavmosen. Dei gjer dei det på ein berekraftig måte, så mosen ikkje blir utrydda.

Mosebileta kan hengje både utandørs og innandørs, men om dei skal henge ute bør dei helst hengje under tak.

Få naturen inn

Birgitte Lovise Urke er utdanna blomedekoratør og faglærar, og brenn for det gode handverket, men er også opptatt av at godt handverk må finne nye og moderne uttrykksformer.

Rammene med mose har eit moderne, men samtidig tidlaust uttrykk. Og dei vil vare lenge. Dei finst i ulike storleikar, former og 20 ulike fargar. Kundane kan også bestille slike rammer til Urke etter mål. Om dei har ei gamal ramme eller ein knust spegel kan dei bruke det.

Betrar inneklimaet

Urke informerte under opninga om fordelane med moserammene ho lagar. For det er ikkje berre det at dei ser bra ut som gjer at dei passar inn i ein heim, kontor eller butikklokale. Rammene fungerer lyddempande, dei betrar inneklimaet, er vedlikehaldsfrie, brannhemmande og behandla utan giftige kjemikaliar eller andre farlege/forureinande stoff.

Dei siste 4 1/2 åra har Urke arbeidd med Cashback World. Gjennom denne utstillingsperioden håper ho at dei skal få samla inn nok til ein vassbrønn i Afrika.

Takk: På vegner av handelsstanden overrumpla Linn Wingsternes Birgitte Lovise Urke med blomar, vin og rosande ord. Ho takka for at ho alltid er så sprudlande, positiv og flink. Foto: Ingvild Aursøy Måseide