”We have no right to believe that freedom can be won without struggle”.

Slik innleia Steven Pushparajah då han talte før kransinga av minnesteinane ved Ulstein kyrkje 17. mai.

– Kjære alle saman. Det er ei stor ære for meg å stå her framom dykk. Det er ei stor ære for meg å få seie nokre ord på sjølvaste 204-årsdagen for grunnlova. I år kan vi også feire 200 år med fred mellom dei nordiske landa. Fram til 1814 hadde Sverige, Norge og Danmark jamleg vore i konkurranse med kvarandre i ein langvarig kamp om makt og innflytelse i Norden. Etter den korte sommarkrigen mellom Norge og Sverige i 1814 har det ikkje vore konflikt mellom dei nordiske landa, men unntak for opptrappinga under unionsoppløysinga med Sverige i 1905.

I dag er barna sin dag. Vi nordmenn fann vår heilt eigen måte å feire denne dagen på, med barnetog, bunadar, is, kaffi og kaker. Det er ei feiring av våre rettigheiter, fridom og demokrati, som utgjer Norge. Som gjer Norge til eit så trygt land å vekse opp i. Eit land som fleire gongar har blitt kåra til verdas beste land og tryggaste land å bu i. Den sist oppdaterte pass-indeksen viser at nordmenn kan reise til 161 land utan visum. Dette indikerer kor godt og fredeleg Norge er.

17. mai er først og fremst ein dag for glede og feiring, men vi kan også bruke den til ettertanke. Martin Luther King sa ein gong: ”We may all have come on different ships, but we are in the same boat now”. Norge er i dag eit fleirkulturelt land, med menneskje frå mange ulike nasjonar. I Ulstein kommune har vi no 74 ulike nasjonalitetar og 1475 innbyggjarar med innvandrarbakgrunn som utgjer 17,2 prosent av befolkninga i Ulstein. Alle får denne fredelege feiringa, som mange ikkje har fått smake i heimlandet sitt. Smaken av fridom og samspel. Ein dag vi feirar med verdigheit. Dette er dessverre ikkje tilfelle i mange andre land rundt om i verda. Fleire av innvandrarane har opplevd diktatoriske frigjeringsdagar som blir markerte med militærparadar som symboliserer makt, men ikkje fridom. Dessverre er det fleire millionar som lir av fattigdom, svolt og undertrykking. Derfor er det viktig at vi minner kvarandre på kor heldige og privilegerte vi er som kan vekse opp i eit land som Norge.

For litt over 31 år sidan flytta eg til Norge på grunn av den stormen av krig som prega heimlandet mitt. Eg har sett veldig stor utvikling og evolusjon i løpet av mine 31 år i Norge, men dessverre er det ikkje tilfelle i mitt forlatne land. 31 år har gått og landet har forblitt stagnert frå den tid til no.

”Det byrjar å gå nedoverbakke når vi sluttar å bry oss”. Geografisk sett ligg Norge i eit fredfullt hjørne av verda, men tida vi lev i, sett med internasjonale auge, er prega av urovekkjande bølgjer som stadig blir kraftigare og kraftigare. Krigsopplevingane som har gjort mest inntrykk på oss den siste tida er grusomheitene i Myanmar, Syria og Jemen. Det er grusomheiter så vonde at vi har vanskeleg for å sjå på dei gjennom TV-skjermane våre. Stormaktskamp, geopolitiske interesser og handelskrig mellom landa eliminerer og diskriminerer mange etniske folkegrupper som kjempar for fridom. Verda er dessverre inne i ei meir trugande utvikling, mellom anna i form av terrorisme.

Vi som bur i Ulsteinvik er heldige. Sjå på historia til byen vår. Ulsteinvik blomstrar, har blitt rikare og kulturelt styrka. Mykje takka vere openheit, motiverte innbyggjarar, dyktige politikarar og internasjonal handel. Vi har mange særpreg som vi har jobba hardt for å konsolidere identiteten vår med. Hødd, Ulstein Group, Kleven verft og sjølvaste Karsten Warholm er alle solide eksempel på den stoltheita vi ber i brystet. Heile nasjonen Norge er stolte av Karsten Warholm frå vesle Ulsteinvik, som vann VM-gull på 400 meter hekk i fjor. Han er første norske mannlege verdsmeister på ei løpsøving. Han er ein viktig ambassadør for vår vakre by Ulsteinvik. Alt dette har gitt oss ein sterk, eigen identitet som ulsteiningar.

Den fridomen vi har i Norge i dag er det mange av oss som tek som ei sjølvfølgje. Men generasjonane før oss opplevde å bli invaderte av ein annan nasjon. Mange ulsteiningar vart tvinga på flukt frå heimane sine. Femtitals ulsteiningar måtte flykte frå bygda under krigen, mange vart evakuerte til Shetland, England eller andre stadar under dramatiske forhold.

På den norske nasjonaldagen er det tradisjon med kransenedlegging ved dei to minnesteinane for å minnast dei som kom bort under krigen og på havet. Det er ei stor ære for meg å få anledning til å vere med på dette, sa Pushparajah.