Velferd Hareid vil rette ein stor takk til Terje Karlsen Wiik og Ward1 AS for flott utført arbeid med nedvask og klargjering av Sansehagen til 17. mai og sommaren.

Terje Karlsen Wiik såg på det som ei stor glede å få bidra til å gjere det triveleg i Sansehagen til glede for bebuarar, tilsette og besøkande.

Kommunalsjef for velferd, Berit Aasen, synes det er kjekt å sjå eit slikt engasjement frå det lokale næringslivet opp mot sektor for velferd.  At Ward1 AS stilte opp frivillig og gratis utan kostnad for velferd med fleire tilsette for å bidra til auka trivsel ved sjukeheimen er prisverdig.