1.420 personar ventar på sjukeheimsplass i Noreg

Den første nasjonale oversikta over personar som har ja til sjukeheimsplass, men som framleis står i kø, viser at 1.420 personar står på venteliste.

Den første nasjonale oversikta viser at 1.420 personar ventar på sjukeheimsplass her i landet.   Foto: Frank May/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK-NTB): Tal kommunane har rapportert til Helsedirektoratet per 15. april i år, viser at 44 prosent av kommunane i landet har personar på venteliste til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad, opplyser Helsedirektoratet i ei pressemelding.

Samla rapporterer kommunane at 1.420 personar står på venteliste. Dette er personar som oppfyller kriteria til kommunane for langtidsopphald, men som med forsvarlege tenester kan bu i eigen heim eller ta imot andre tenester.

Av desse bur 457 personar i eigne heimar, mens 963 personar er tildelt korttidsplass. I tillegg viser tala at 446 personar står på venteliste til korttidsopphald mens dei ventar på ledig plass på sjukeheim.

– Eg er glad for at vi no for første gong får ei nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheimsplass. Ventelister skal gje eldre pleietrengjande og deira pårørande føreseielege tilhøve og tryggleik for at behovet deira er sett, seier eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp) i ei pressemelding.