Eiksundtunnelen vart stengt klokka 13:13 fredag ettermiddag. Ifølgje politiet skuldast stenginga lause gjenstandar i tunnelen. Utrykkingspersonell er på veg til staden.

Vegtrafikksentralen melder at det heng lause gjenstandar frå taket i tunnelen.

Ifølgje tips Vikebladet Vestposten har fått skal det vere ein presenning frå ein lastebil som har hengt seg fast i ei av viftene i tunnelen.

Oppdatering 14:30 - Politiet melder at tunnelen er rydda og opna igjen.