Fylkesrådmennen har foreslått å leggje ned bokbåten Epos. Han meiner bokbåten krev store ressursar frå fylkesbiblioteket. Ved å leggje ned tilbodet, argumenterer han for at dei får meir ressursar til planar og utvikling.

Onsdag denne veka handsama Kultur. og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylke denne saka.

Det vart fleirtal i utvalet for å leggje ned bokbåten, men Marit Nerås Krogsæter (Senterpartiet) fekk fleirtal for at dei prioriterer å drifte bokbåten eitt år til. Dei som røysta med Krogsæter var Venstre, SV, Krf, Sunnmørslista og Framstegspartiet. Høgre og Arbeidarpartiet røysta imot.

Vedtaket er i fire punktet. Det fjerde og siste punktet er:

Kultur- og folkehelseutvalet ber om at fylkesrådmannen legg fram sak om korleis bok- og litteraturformidlinga kan vidareutviklast og styrkast innanfor dagens rammer, både med scenarioa framhald av tenesta og nedlegging av bokbåttenesta frå 2019, og korleis dette kan styrke fylkesbiblioteket sin rolle som regionalt kompetansesenter og nav for bibliotek og litteraturformidling i fylket.

Leddsetninga: "både med scenarioa framhald av tenesta og nedlegging av bokbåttenesta frå 2019" var også eit tillegg Krogsæter fekk inn. Dei same røysta for og i mot dette tillegget.