Valnemnda har lagt fram si tilråding til styre for Søre Sunnmøre Reinhaldsverk.

Dei foreslår at George Fullford held fram som styreleiar, i eit år. Dei innstiller Håkon Vestnes som nestleiar (2 år). Med seg i styret får dei Truls Håbakk (2 år), Anne Holstad (på val i 2019), Edel Goksøyr (på val i 2019), Margaret Leinebø (2 år).

I tillegg peikar dei tilsette ut ein eigen representant.

Valnemnda gjer framlegg om at styregodtgjersla blir justert med 2,5 prosent.

Representantskapen skal ha møte fredag 25. mai.