Det gjekk bra, gitt. Årets 17. mai varta opp med nydeleg vêr, glade menneske, flagg og bunader. Feiringa i dei fleste bygdelaga på Hareidlandet er grundig dokumentert både i sosiale medium og på vikebladet.no. Nesten alle krinsane følgde tradisjonane med cirka same program som i fjor og alle år før der igjen.

Men i Ulsteinvik vart det for første gong i manns minne berre arrangert eitt tog. Meiningane på førehand var delte- nokre støtta nyvinninga, andre meinte det var feil å bryte med to-togs-tradisjonen. Akkurat som venta når nokon, i dette tilfellet 17. mai-komiteen, har vedteke ei endring.

Men det gjekk bra. Det eine toget var både langt og innhaldsrikt. Det var plass til alle som ville vere med og korpsa spelte dei kjende marsjane.

No når 17. mai er over for i år er det tid for evaluering. Allereie om kvelden nasjonaldagen la komiteen ut ei spørjeundersøking på Facebooksida si, der dei bad folk seie si meining: kva er best, eitt eller to tog?

Det er viktig at alle som meiner noko ytrar dette no. Det er ytringsfridom i praksis og eit viktig prinsipp i grunnlova vår. Som igjen er årsaka til at vi feirar 17. mai.

Difor var det litt overraskande at ordføraren i Ulstein på sist formannskapsmøte valde å kome med ei slags formaning til dei folkevalde. «Gje rådmannen arbeidsro når det no skal gjerast innsparingar», var bodskapen.

Sjølvsagt skal administrasjonen i kommunen få gjere jobben sin. Men både politikarane og lokalavisa bør følgje nøye med på kven og kva som vert ramma av innsparingane i Ulstein kommune i tida framover.