Denne helga er det pinse, ein viktig merkedag for dei kristne. Jan Ove Kleppe forklarer her litt om kva som er årsaka til at denne dagen vert feira.

Jan Ove Kleppe kjem opprinneleg frå Leikong, og er gift og bur i Haddal. Han har 4 barn i alderen 22 år til 30 år, så dei er voksne alle fire.

– Til dagleg jobbar eg på Marin Teknikk i Myrvågane, og det er eit selskap som utviklar skipsdesign. Eg er ansett som Engineering sjef og har jobba der sidan 2004.

I fritida brukar eg veldig mykje tid på misjon. Eg og kona mi har reist fem turer til Afrika, derav fire turar til Madagaskar og ein tur til Kamerun. Akkurat no held eg på å forberede ny tur til Madagaskar i september. Då skal eg være reiseleiar for Plussreiser på ein Misjons- og opplevelsestur, der vi skal køyre frå Antananarivo til Antsirabe, Fianarantsoa og Manakara. På den turen skal vi besøke barneskular, landbruksskule, barneheimar, fattighus og blindeskule og døveskule, fortel Kleppe.

Kleppe sit i regionstyret til Det Norske Misjonselskap, og er leiar for områdeutvalet. I tillegg sit han i styret til Kjeldsundfamilien, og i Regionstyret til IOGT. Så mykje av fritida handlar om misjon.

– Kva er Pinsedagen og kvifor feirar vi denne dagen?

– Pinsedagen er ein hellig dag og feiringa av at den tidlege kyrkja mottok Den Heilage Ande. Vi feirer pinse også fordi det var den dagen då Den Heilage Ande vart gitt til alle menneske. Dette skjedde 50 dagar etter at Jesus vart krossfesta og Pinse betyr den 50. dagen

Då disiplane til Jesus var samla i Jerusalem kom Den Heilage Ande og synte seg som tunger av eld over hovuda på dei.

Kva er Kristi himmelfartsdag og kvifor feirar vi denne dagen?

– Kristi himmelfartsdag, er for oss kristne den dagen Jesus reiste opp i skya til himmelen, og sette seg ved høgre hånda til Gud den allmektige skapar. Jesus fortalte det i Johannes 16 når han var samla i lag med disiplane at han skulle reise, og at han skulle sende talsmannen sin, «sanningsanden». På kristi himmelfarsdag sette Jesus igang tidenes største prosjekt, då han gav bod om å gå ut å forkynne evangeliet for heile verda i misjonsbodet.

Markus 28: Døp dem til Faderens og Sønnens og Den hellige ånds navn og lær dem å holde alt det jeg har befalt dere. Og se, jeg er med dere alle dager inntil verdens ende.»

Og i Lukas 22 sa Jesus at no overdreg han riket til sine etterfølgarar.

For meg er det slik at dette er dagen då Jesus gav oss oppdraget om misjon. Eit oppdrag der vi menneska skal utøve nestekjærleik, samstundes som vi skal dele det ufatteleg gode bodskapet om at der er frelse å vinne for alle som vil. Jesus sa vi skal halde boda han gav oss, og det er elske Gud, samstundes som vi skal elske kvarandre like høgt som oss sjølve.

– Fortel bibelen noko om korleis Jesus blir tatt opp til himmelen?

– Ja, då Jesus blei teken opp i himmelen, så står det at han blei løfta opp mens disiplane såg på. Han for opp i skya, og skal kome igjen på same måten. Dette skjedde på oljeberget, som ligg rett ovanfor Getsemane hagen der han blei teken til fange i Jerusalem.

Påskedag, Kristi himmelfartsdag og pisendagen er veldig forskjellige. For oss er påskedagen den dagen Jesus stod opp igjen frå grava han blei lagt i etter korsfestelsen som skjedde på langfredagen. Jesus bekrefta dermed oppstandelsen og sigeren over dødsriket.

Etter at han hadde stått opp frå dei døde, så viste han seg for disiplane, og for meir enn fem hundre vitner.

Dette skjedde fram mot Kristi himmelfartsdag, då han drog opp i skya og forsvant ut av syne for disiplane.

Og på pinsedagen mens disiplane venta, så skjedde det store. Då kom den Heilage Ande, og med eld og vekking. Dette var sikkert ein heilt enorm dag for disiplane, då folket blei fylt med anden, og tala i tunger, og dei såg tunger av eld som viste seg.

– Kjem Jesus tilbake der på Oljeberget?

– Eit vanskelig spørsmål. Slik eg forstår det i hvertfall, så kjem Jesus først igjen i skya for å hente menigheita si. Dette blir også kalla opprykkelsen.

Så skal Jesus kome attende på Oljeberget, på same måten som han drog, og det er då han skal halde dom over levande og døde.

– Jesus seier følg meg! Kva betyr det?

– Eg kan berre snakke ut frå kva eg trur, og det er at vi skal følge Jesus sitt eksempel å leve på. Og det eksempelet var både radikalt og eksemplarisk, men det var eksempel ut frå Guds ord og ånd. Det står skrive at fruktene av Guds ånd er kjærleik, glede, fred, tolmod, vennlegheit, godheit, trufastheit, ydmykheit og sjølvbehersking.

For meg er dette å følgje Jesus, men eg er dessverre ofte på avvikande grunn i forhold til å følgje Jesus sitt eksempel. Og då må eg audmjuke meg sjølv og be om forlating for mi synd når eg feilar.

– Når trur du Jesus kjem tilbake?

– Det einaste eg er sikker på, det er at eg ikkje veit det. Ut frå bibelen, så trur eg vi lever i endetida, men om den varer i 1 månad, eller i 1000 år, det har eg ikkje forstand på i det heile. Men eit veit eg, og det er at eg trur på Bibelen Guds ord, og har sett med sjølvsyn kor godt misjonsarbeidet gjer både for gjevarar og mottakarar.