Pergot Voldsund fortel til Vikebladet Vestposten at det var ikkje alle som hadde tru på at tiltaket ville vere populært. Men det vart det. Alt frå starten strøymde det til med damer som ville gå på god, gamaldags misjonsforeining. Damene har ikkje slutta å gå, og nye har kome til.

Eigenleg blir foreininga ti år i februar, men feiringa vart lagt til måndag denne veka, for dei ville ha ei sommarleg feiring. Det var meininga å ta feiringa utandørs, men diverre skya det over, så det vart ei fin feiring inne på bygdestova i staden.

Misjonsforeininga er eit framhald av misjonsforeininga som Asbjørg Grønmyr starta for femti år sidan, men som vart nedlagd ein periode.

– Koppane er femti år, fortel Voldsund. Måndag ettermiddag var det fint dekt på til fest. Her var porselenskoppar, blomar, dukar og norske flagg. Og på borda låg salmebøker, klare til allsong.

Samla inn godt med pengar

På dei åra foreininga på Ulshaugen har eksistert har dei samla inn 202 000 kroner til misjonen. På møta er det underhaldning, song, god mat og prat. Så samlar dei inn pengar etterpå.

Då foreininga starta opp hadde Voldsund sett for seg at dei pårørande skulle stille med mat, men det vart så mykje styr å ringje rundt at ho og Mary Breivik bakar ei kake kvar og lagar til 30 smørbrød kvar til kvart møte. Om det er noko ekstra, bakar fleire.

Soloffa

Rundt eit bord sit Ninni Osnes, Klara Håkonsholm og Selma Ulstein. Dei fortel at dei tidlegare var med i misjonsforeininga Soloffa, med misjonær-Petra. Soloffa tydde ei grein. Då denne foreininga vart lagt ned, byrja dei gå på misjonsmøta på Ulshaugen i staden for. To av dei bur på Ulshaugen, ei bur like ved.

– Kva betyr det for deg å få kome på desse misjonsmøta?

– Eg synest det er så veldig kjekt å ha ein stad å gå, seier Osnes.

Voldsund presiserer at når dei startar opp igjen til hausten er alle som vil kome hjarteleg velkomne til å vere med. Dei møtest kvar andre måndag i månaden. Men no tar dei ferie fram til september.