Økonomileiar Steinar Nummedal orienterte Ulstein formannskap om at det ikkje hadde gått så ille med økonomien til kommunen i 2017 som han frykta då han la fram andre tertialrapport hausten 2017.

Etter det kommenterte ordføraren at det ikkje er grunn til å senke skuldrane. Kommunen har framleis store utfordringar med økonomien, det er bakgrunnen for omstillingspakken, innkjøpsstopp og innføring av eigedomsskatt. Det er viktig å vere nøktern også framover.

- La rådmannen få gjennomføre tiltakspakken. Det kan bli ein del støy, men det må me tåle å stå i, meinte Engh. Han presiserte at det ikkje er sagt at ein må tåle alt, men oppmodinga var at politikarane ikkje bør forstyrre denne prosessen meir enn naudsynt.

Pål Grødahl (V) tok til orde for at formannskapet bør bli involvert. Administrasjonen bør lodde stemninga med politikarane i viktige saker, så kan dei eventuelt stå i stormen i lag med administrasjonen.