formannskapsmøtet i april orienterte Guttorm Rimstad og Bent Arild Grytten om at dei vurderte å søkje om midler til å breiband til Snipsøyrdalen og Almestranda.

Dei fekk då klarsignal til å gå vidare med arbeidet. Men Hareid kommune må stille med ein del eigenkapital på 25 prosent om dei får tilslag på søknaden, så det vart avtalt at saka skulle innom formannskapet på ny før dei sende ein søknad. Denne veke fekk Hareid formannskap på ny saka på bordet.

Hareid formannskap rår kommunestyret til å be rådmannen søkje om breibandmidlar for fylgjande strekninga:

-Hjørungavåg – Alme

-Sjøkabel Almestranda – Vartdalstranda

-Hjørungdal – Røysetbakken

-Røysetbakken – Toppholen, Nesset, Holesanden

-Hjørungavåg – Korshamna, Hjørungneset

Dei to siste punkta kom inn i vedtaket etter framlegg frå Annika Brandal (Venstre).

Hareid kommunestyre løyvde kr 200 000 til investeringsprosjektet 65001 Fiber for alle, i investeringsbudsjettet for 2018. Formannskapet rår kommunestyret til å auke den budsjetterte løyvinga med kr 2 892 608. Ny budsjettløyving vert då kr 3 092 608.

Auka budsjettløyving skal finansierast med kr 2 314 087 i nytt låneopptak og kr 578 521 i MVA-kompensasjon.

Alt vart vedteke samrøystes.