Ulstein kommune skriv på nettsida si at frå 22. mai og fram til skulestart i august blir det anleggsarbeid i Petterbakken mellom Ulstein Arena og Ulstein ungdomsskule. Her skal det lagast til fortau og leggast ned fjernvarmerør.

For å ta mest mogleg omsyn til mjuke trafikantar vel dei å leggje størstedelen av anleggstida i skuleferien. Sprenging vil bli varsla, og skal ikkje skje i friminutta. Det blir også sett opp anleggsgjerde.

Elevar og tilsette bør nytte gangvegen langs Skulevegen.

Det blir ikkje lov å parkere langs vegen i Petterbakken eller på parkeringsplassen i Petterbakken medan arbeidet står på.

Vegbreidda blir noko redusert, men det blir framleis mogleg å køyre fram til eigedomane.

Fjernvarme til ungdomsskulen

Det blir lagt ned fjernvarmerøyr frå Ulstein Arena til ungdomsskulen. I same slengen blir det lagt ned røyr til barneskulen, så dei eventuelt i framtida kan kople seg på fjernvarmeanlegget.