Kontrollutvalet i Hareid kommune vedtok i fjor å få utført ein forvaltningsrevisjonsprosjekt kring tidleg innsats og PPT. Målsetjinga med prosjektet var å undersøke om kommunen følgjer lov, forskrift og retningsliner med omsyn til å identifisere born med vanskar, yte spesialpedagogisk hjelp i barnehagar og at dei kjem tidleg igang med spesialundervisning eller tilrettelagt undervisning i grunnskulen.

Søre Sunnmøre kommunerevisjon IKS har etter dette laga ein rapport. I rapporten kjem det fram at det er lange ventelister hjå PPT. Barnehagar og skular skildrar samarbeidet med PPT som godt, men at det kan ta lang tid frå dei rapporterer inn at dei treng hjelp, til at dei får hjelpa. Det er venteliste på opp til 6-7 månader, så tre måndader med sakshandsamingstid. I nokre tilfelle har det gått eit år med sakshandsamingstida før dei får hjelp. I dei verste tilfella har dei venta to skuleår før dei får sakkynnig hjelp, kjem det fram i rapporte.

Ei av tilrådingane som kjem fram i rapporten er at det er viktig at det nye PPT kjem raskt igang med handsaming av enkeltsaker.

Lov og forskrift for PPT seier ikkje kor lang sakshandsamingstid dei kan ha, men Stortingsmeldinga nr 18, Læring og fellesskap, tilrår at kommunen bruker inntil tre månader på å utarbeide sakkynnig vurdering og fatte enkeltvedtak om spesialpedagogiske tiltak.

Dette blir lagt fram som referatsak til Hareid kommunestyre førstkomande torsdag.