Via eit innlegg på si eiga Facebook-side oppmoda Linda Haddal Røssevoll, som eig og driv Melshorn Hotell på Hareid, om at vedkomande som har dytta ned ein av hotellet sine lyktestolpar i løpet av natta, står fram. Lyktestolpen finn ein berre rundt 40 meter frå hovudinngangen til hotellet.

- Stolpen stod der då eg gjekk heim i halv tolv-tida søndag kveld. Då eg kom på jobb igjen i dag formiddag, var den dytta nesten ned på bakken. Vi hadde våken nattevakt på jobb, men vi har også ganske tjukke veggar, så nattevakta hadde ikkje merka noko eller høyrt noko, seier Linda.

- Dårleg gjort

Hotelldrivaren vedgår at det er veldig trist og skuffande at ingen ser ut til å ville ta på seg skulda for hærverket. Lyktestolpane inn til hotellet blei sett opp av hotellet sjølv i si tid, og for to år sidan blei pærene i stolpane inn til hotellet skifta ut, slik at det no er LED-pærer som lyser.

- Det i seg sjølv var ei veldig dyr omlegging. Men også stolpane var dyre å setje på plass. Dersom dette har ført til at det elektriske i denne stolpen ikkje lenger fungerer, vil det også bli ein stor kostnad å reparere. Det er veldig leit å registrere at det framleis er uærlege folk blant oss. Det er dårleg gjort å ikkje ta ansvar for noko ein har gjort, seier Linda Haddal Røssevoll.

Som meiner at det må ha vore ein bil som dytta ned stolpen.

- Skrapemerke på stolpen indikerer det, ja. Det skal også litt kraft til for å få dytta ned ein stolpe som er så godt forankra i jorda. Samanstøyten har gjort at stolpen og den støypte sokkelen under begge har blitt røska opp, seier ho.

Linda Haddal Røssevoll fortel at ho gjerne tek i mot tips frå publikum.

Meir uflaks for hotelldrivaren på Hareid med andre ord. For ikkje så lenge sidan fekk ho nemleg ein gjest på besøk som ikkje ville gjere opp for seg:

Hotelldrivar Linda Haddal Røssevoll oppmodar den eller dei som har køyrt ned ein av lyktestolpane til Melshorn Hotell om å stå fram og kontakte ho. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.