Noregs Mållag viser til at norskkunnskapane til lærarane er avgjerande for god undervisning i skule og barnehage.

- Vi er difor urolege over situasjonen i dag med svært mange ufaglærte arbeidstakarar i barnehage og skule, seier Magne Asbrenn, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Han meiner at dei ulike barnehagelærar-, lærar- og lektorutdanningane må syte for at framtidige lærarar har god kompetanse i både nynorsk og bokmål.

- Dette må også gjelde praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Slik kompetanse er også viktig for lærarar som skal undervise i andre fag enn norsk, fordi språkopplæring skjer både i barnehagane og i alle timar og i alle fag i skulen. For at lærarstudentane skal få denne kompetansen, må dei få god opplæring i nynorsk og nynorskdidaktikk i utdanninga. Utdanningsinstitusjonane må spesielt leggje til rette for opplæring for at studentar som har hatt fritak, får tilstrekkeleg opplæring i dette i løpet av utdanninga si, seier Asbrenn.

- Skal ikkje gjevast fritakOgså lærar- og lektorstudentar utan norsk i fagkrinsen skal kunna nynorsk, meiner Noregs Mållag.

- For å sikra opplæringa til nynorskelevane i alle fag må både matematikklærarar og samfunnsfaglærarar kunne læra bort faget sitt på nynorsk. Derfor må også desse studentane få opplæring i nynorsk i lektorutdanninga og få innsikt i den nynorske fagterminologien. Alle lektorstudentane må også kjenna til språksituasjonen og dei språklege rettane til elevane, seier han.Noregs Mållag meiner at det ikkje skal kunna gjevast fritak for vurdering i sidemål i lærar- og lektorutdanninga.

- Skulemål og språkopplæring er ein for viktig del av kvardagen til nyutdanna lektorar. Vitnemåla frå lektorutdanningane skal syne to norskkarakterar, éin i nynorsk og éin i bokmål. Nokre lærestader bør få eit nasjonalt eller eventuelt regionalt ansvar for etterutdanning av lærarar i nynorsk. Ein må då sikra tilgang til etterutdanning i aust, vest, midt- og nord, seier Magne Asbrenn avslutningsvis.