Eg har innsett at eg er ein mørkemann.

Hei der ute. Notér det. Eg finn ikkje takta. Når eg møter opp, har demonstrasjonstoget gått.

Eg held nemleg alltid med dei demonstrasjonstoget demonstererer mot. Demonstrasjonstog overser vranga på livsens vev.

Når demonstrasjonstoget passerer, har eg for lengst parkert i ei sjeleleg bakgate eller bak eit gardinbrett der eg lurer på om det var meg dei demonstrerte imot. At det kan vere min tur neste gong.

At eg kan bli fråteken retten til å ytre meg dersom eg ytrar meg vrangt.

Eg ryk uklar med mine humanetiske venner straks eg opnar kjeften i eit selskap. Det er alltid 9 mot 1.

Eg likar å syge beina på krabbane. Ofte lurer eg på om vi menneske er gode på botnen. Du kan aldri vite. Eg er ikkje ein gong sikker på tilstanden til mitt ege grums.

Eg syns ikkje treningsstudiomagar er finare en andre magar. Tvert om.

Eigentleg trivst eg som mørkemann. Ingen kan sjå det utanpå. Eg treng ikkje ein gong å skjule det.

Vi har vore ulike frå tidenes morgon. Det er derfor vi er her.

Folk går i demonstrasjonstog for det som alltid har vore eit faktum. At vi er ulike.

Hadde alle vore like, hadde ingen gått i demonstrasjonstog. Det er ei sann mørkemannsinnsikt.

Tru meg. Folk har lett for å la seg blende. Du ser klårare frå mørket og ut i lyset.

Kvar var prugelknaben Hans Reite under det store demonstrasjonstoget? Stod han langsmed? Sunnmørsposten skriv at søskenborna hans tek avstand frå synspunkta hans. Eg også har søskenbarn som ikkje er mørkemenn.

Eg gjekk inn på facebook-sida hans. Han har 3388 venner. Facebook-sida viste at han var i Kapernaum under den store demonstrasjonen! Ein fiskarlandsby på nordbreidda av Genesaretsjøen. Fleire av Jesu disiplar budde der, blant likemenn Simon Peter.

Ragnar Thorseth er forresten ein av Reite sine 3388 facebookvenner. Veit Pen det?

Eg har alltid strevd med ord som NORMALT og NATURLEG. Folk flest har også problem med SANNING. Kva er sanning? For meg er både det normale og det unormale normalt. Men mange gir inntrykk av at det som er normalt er unormalt.

Eg fiskar aldri utan agn på kroken.

Ein spade er ein spade, men spader kan vere ulike.

Kjærleik er kjærleik, heiter det, men kan også vere begjær.

Med dette har eg sendt Hans Reite min veneforespurnad.