– No er det berre snakk om å ha helsa, me har slutta å bry oss om korleis den og den ser ut, seier Anne Margrethe Nytun, som ser strålande ut i sommarkjolen sin med eit sjal om skuldrene.

Gjengen som gjekk ut frå realskulen i 1956, med Peder Måseide som lærar, byrja å treffe kvarandre då dei hadde 40-årsjubileum. Men det var så triveleg å jubilere i lag, så dei møttest også på 50 år og 60 år. Og no har dei altså byrja å treffe kvarandre annakvart år.

Fleire har falle ifrå. Ingen veit kor lenge ein lever, difor møter dei kvarandre no så ofte som annakvart år.

Tid for mimring

Kvelden starta klokka seks med velkomstdrikk og mimring, leia av Svein Kjærstad. Dei tidlegare klassekameratane mimra tilbake til korleis dei sykla til skulen i all slags vêr. Og ein gong redda dei til og med ein mann med barn på moped. Dei hadde ikkje tru på at sekstenåringar i dag hadde kome seg fram på eige hand på den måten dei gjorde.

Forsamlinga hadde mange morosame minne å sjå tilbake på.

Hareid realskule var privat fram til 1962, så det var ikkje for alle å gå der. Populariteten til skulen auka utover på 50-talet. Til skulestart hausten 1954 melde det seg 39 søkjarar, men det var berre plass til 20. Det vart difor halde opptaksprøve. Skulen var toårig.

– Når ein ser rundt bordet er, ser ein at det vart då mykje bra folk av oss, kommenterte Målfrid Rogne-Renna.

Fin forsamling

Dei var 12 tidlegare realskuleelevar som deltok på treffet denne gongen, 17 med følgje. Det var god stemning då Vikebladet Vestposten var innom.

Fleire av dei tidlegare realskuleelevane har studert vidare og flytta frå Hareid. Svein Kjærstad held til i Moelven, Svein Overå i Stavanger og Målfrid Rogne-Renna i Valdres. Såleis var det ein del i festlyden som hadde reist langt for å få med seg denne kvelden.

Etter fotograferinga åt dei middag, der dei fekk halde fram den gode samtalen.