Tiltalen gjaldt seksuell omgang med og seksuell handling mot ei tretten år gamal jente.

Dei to var kjærastar, og ifølgje rettsreferatet hadde mannen lovd mora til jenta at han ikkje skulle ha sex med henne.

Han er no dømt for å ha hatt seksuell omgang med jenta under ein teltur i fjor sommar.

- Fleire skjerpa omstende

Sunnmøre tingrett legg i domen vekt på at det var seks år og sju månader i aldersskilnad mellom mannen og jenta.

"Det er knytt fleire skjerpa omstende til tiltalte si framferd", heiter det i domen.

Retten viser til at han tok initiativ til den seksuelle omgangen og at han braut lovnaden han hadde gitt familien til jenta om ikkje å ha seksuell kontakt med jenta.

Tilstod

I retten gav dei to i stor grad samanfallande forklaringar.

Fleirtalet, tingrettsdommaren og ein meddommar, kom til at straffa skulle setjast til eit år og seks månader i fengsel.

Åtte månader av straffa er på vilkår, med ei prøvetid på to år.

Dei viser til at det er formildande at tiltalte tilstod, og at det er viktig for den fornærma jenta når ho skal bearbeide det som skjedde.

Mindretalet, den andre meddommaren, meiner straffa burde setjast til fengsel i to år, der seks månader skulle vere på vilkår. Dette var i tråd med påstanden frå aktor.

Får erstatning

Mannen er også dømt til å betale jenta 50.000 kroner i erstatning.

"Det vil ofte vere vanskeleg å slå fast kva skadeverknader eit seksuelt overgrep vil kunne påføre eit barn. Det er slett ikkje uvanleg at skadeverknadene først viser seg etter lang tid ", skriv tingretten i domen.