- Vi har avhøyrt eigaren og vitne. I tillegg har to kriminalteknikarar undersøkt åstaden, seier lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen.

Uerstattelege verdiar gjekk tapt i brannen, som starta om kvelden fredag 6. april.

– Det verste var å miste alle dei historiske gjenstandane eg har samla gjennom 35 år med dykking, fotalde løeeigar Morten Stridh til Vikebladet Vestposten eit par dagar etter brannen.

Løa vart totalskadd i brannen og berre grunnmurane står att. I dag, vel seks veker etter brannen, har ikkje politiet funne årsaka til at det byrje å brenne.

- Brannskadane var totale og det var difor ingen spor som kunne leie oss til ein arnestad. Og når vi ikkje veit kvar brannen starta, har vi heller ikkje noko vi kan sjekke for å fastslå brannårsaka utifrå tekniske undersøkingar, fortel lensmann Pettersen.

Han seier at politiet kjem til å legge vekk saka dersom det ikkje det dukkar opp nye opplysningar.