Turid Bakken stod i trappa og leia seansen på hotellet. Dei frammøtte fekk høyre korleis det heile starta.

Bakken var innom ein quiltebutikk i Bergen for å kjøpe stoff til eit teppe ho skulle sy, med mønsteret etter Margunn Vatshelle frå Fyllingsdalen. Margunn, det er meg det, sa brått ei kvinne, og sidan har dei vorte veninner.

På internett fann dei eit fantastisk teppe som dei fekk lyst til å prøve å sy. Mønsteret var gratis på bloggen til Grit Kovacs, som er kvinna bak mønsteret.

No er dei to av 17 damer som syr på dette mønsteret til den tyske kvinna. I tillegg til å ha ei gruppe på Facebook, møtest dei ein gong i året der dei samanliknar teppa sine. Sjølv om mønsteret er det same, har dei alle vald fargane sine sjølv, så teppa får likevel veldig ulike uttrykk. Det ferdige teppet består av 17 000 små sekskantar. Alt er gjort for hand, så det er mykje arbeid.

Bakken sa at det har vore veldig spennande å følgje utviklinga på alle teppa. Og det har vore veldig oppmuntrande å vere del av dette nettverket. Innimellom kan dei gå leie og få lyst til å gje opp heile prosjektet, men då får dei støtte og oppmuntring frå dei andre kvinnene. – Eg trur aldri eg hadde greidd dette utan denne gjengen, sa Bakken.

Kvinnene har halde på i fleire år. Ikkje alle har kome like langt, men neste år har dei utstilling i Nadelwelt i Karlsruhe i Tyskland, så då må dei vere ferdige.

Innhaldsrike dagar

Quiltegjengen kom onsdag førre veke og overnatta på Flø. Med følgje var dei 24 stk. Fredag var dei på omvising i Rasofielgarden, til quilte-butikken på Herøy Gard og til Runde. Medan kvinnene var opptatt på quiltebutikken i ein og ein halv time, fekk karane omvising på museet av Oddny Ekroll.

– Og no har kvinna på quiltebutikken i Herøy byrja klippe ut små sekskantar til dette teppet ho også, fortalde Bakken.

Laurdag føremiddag var det ein veteranbuss som skyssa dei inn til Ulsteinvik.

Denne veka treffest kvinnene i Bergen, før dei igjen drar kvar til sitt.