Det går fram av Integrerings- og mangfoldsdirektoratets Kommuneundersøkelse 2017.

I 2016 blei det busett over 15.000 flyktningar her i landet, behovet for 2018 er sett til 4.400. Det er utfordrande å tilpasse både talet på tilsette og talet på bustader når det er så store svingingar, opplyser fleire kommunar.

– Eg har stor forståing for at det er krevjande for kommunane å nedjusterte apparatet sitt for busetjing og integrering av flyktningar. Situasjonen no er at mange kommunar både har evna og viljen til å busetje fleire flyktningar enn det vi har å fordele, seier Libe Rieber-Mohn, direktør i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi).

Samtidig understrekar ho at det er normalt at talet på flyktningar som skal busetjast varierer frå år til år.

Medan færre flyktningar skal busetjast, er det venta at 27.500 deltakarar skal gjennom introduksjonsprogram i 2018, der dei skal ha opplæring i norsk og samfunnskunnskap og andre tiltak. Målet er at så mange som mogleg skal i jobb eller utdanning etter ferdig program. Fleire enn seks av ti kommunar spør etter og stiller krav til resultat i introduksjonsprogrammet. Det er ein auke samanlikna med tidlegare år.

– Vi må ha fullt trykk på integreringsarbeidet framover og ein del av det er at kommunale leiarar stiller tydelege resultatkrav. Mange kommunar ser ut til å ha forstått nettopp det, seier Rieber-Mohn.